Brøyting på kommunal eigedom
Ålesund kommunale eigedom (ÅKE) har avtale om brøyting på ulike kommunale eigedommer, for eksempel ved skular, barnehagar og omsorgssentre. Dette utførast av enten verksemda for miljø og samferdsel i Ålesund kommune, eller innleigde entreprenørar etter avtale.
Dette gjeld snørydding på dei områda der det er muleg å komme til med maskinell brøyting, i den grad ein kan komme til med slikt utstyr – altså traktorar og brøytebilar.
Det som ikkje kan eller er bestilt rydda maskinelt, for eksempel heilt fram til ei inngangsdør, fell utanom brøyteavtalen. Då blir dette verksemda sitt eige ansvar å rydde.
Strøing på kommunal eigedom
Ålesund kommunale eigedom har ingen faste avtalar om strøing på ulike kommunale eigedommer, som skular, barnehagar og omsorgssentre. Når det fins tydelege behov for strøing, eller slike behov blir meldt inn til ÅKE, blir det bestilt strøing. Dette gjeld berre strøing av område som ÅKE har brøyteansvar for.
På dei stadane eller i dei områda der dei kommunale verksemdene sjølv manuelt må rydde snø, blir det også verksemdene som må vurdere om dei skal strø der.