Generelle krave til bredder
På areal tilrettelagt primært for ferdsel for mjuke trafikantar, som til dømes fortau, gågater, torg, sykkelvegar og gang- og sykkelvegar skal minstebredder utan hinder for passering vere oppfylt. Om kravet ikkje vert dekka naturleg på staden, må tiltak settast i verk. Skiltstolpar, gatelys, brannhydrantar og liknande hinder kan ikkje vere innanfor minimumsbredda.
Passeringsbredder ved tiltak på fortau i opptil 15 m lengde er minimum 1,4 m. Strekningar lenger enn 15 m skal ha minimumsbredde på 1,8 m. Ved passering under stillas kan likevel bredde på 1,4 m aksepterast dersom det vert etablert møteplass minimum for kvar tolvte meter.
Torg, gågater og gang- og sykkelvegar skal ha minimum passeringsbredde på 2,0 m.
Sykkelvegar skal oppretthalde opphaveleg bredde forbi tiltaket.
Sjå ulike eksempel og dømer i retningslinjene.
Gjennomføringstid
Stenging av areal for mjuke trafikantar kan ikkje skje lenger enn 2 veker, og inntil 4 veker i bustadgater utan gjennomgangstrafikk. Om arbeidet skal vare lenger må tiltak settast i verk for å etablere minste passeringsbredde frå oppstart av arbeidet.
Gangtunnel
Gangtunnelar kan brukast når kravet til minste passeringsbredde for mjuke trafikantar ikkje kan oppretthaldast, eller der mjuke trafikantar skal sikrast frå arbeid som går føre seg.
Gangtunnelen skal minimum vere 1,8 m brei. Ved stillas kan likevel tunnelbredde på 1,4 m aksepterast dersom det vert etablert møteplass minimum for kvar tolvte meter.
Gangtunnelar over 6 m skal være lyssett innvendig.
Reinhald, snørydding og strøing i tilknyting til gangtunnelar er entreprenør / utførar sitt ansvar.
Gangtunnelen skal videre være utstyrt med reflekterande markeringar plassert på alle hjørne, tilsvarande skilt 906 hindermarkering. Refleksplata skal minimum være 50 cm høy og 10 cm bred, med skråstripene peikande ned mot den sida trafikken skal passere. Reflekskvaliteten skal være refleksklasse 3 tilsvarande skilt 906 hindermarkering.
Høgdedifferansen mellom gangtunnelen og vegdekke skal jamnast ut med ein rampekonstruksjon. Helling på rampa skal ikkje vere større enn 1:12.
Gangtunneler skal ha sklisikker botn og rampe, og det skal ikkje være avstand mellom gangtunnel og rampe.