Sykkelbyavtale
Ein sykkelbyavtale blei inngått våren 2009 mellom Ålesund kommune, fylkeskommunen og Statens vegvesen, der målet er å auke sykkelandelen i Ålesund til 8% innan 2027. Det er nesten ei tredobling av antal sykkelreiser.
Prosjektet skal både finansierast gjennom Bypakke Ålesund og ordinære eller særskilte løyvingar utover denne, herunder BRM-midlar (Fylkeskommunen sitt prosjekt «Byen som regional motor») som mellom anna har støtta Sykkelkartprosjektet og eit sykkelskiltprosjekt frå sentrum til Magerholm. Sjå planane for sykkel i bypakken.
Temakart for sykkel
I gjeldande kommunedelplan for gamle Ålesund, var det også vedtatt eit temakart for sykkel som viste framtidig hovudnett og hovudprinsipp for sykkelnett i denne bydelen. Dette ligg også til grunn her. Tilsvarande temakart finst så langt ikkje for dei andre bydelane.
Sjå temakartet med anbefalte sykkelruter i Ålesund.
Temakart sykkel i kommunedelplan for gamle Ålesund, vedtatt i 2017
Sykkelkoordinator jobbar med vidare satsingar
Det er tilsett ein sykkelkoordinator som i hovudsak har til oppgåve å regulere sykkelvegar på hovudnettet for sykkel i Ålesund knytt til Bypakken, frå Hessa i vest, via Sentrum og Campus til Moa, og vidare til Vegsund og Magerholm. Nokre av strekningane er ferdig regulerte, men mykje gjenstår.
Det vil etter kvart komme midlar til gjennomføring gjennom den vedtatte bypakken, der kommunen og Statens Vegvesen vil bygge sykkelvegar med fortau på prioriterte strekningar som Steinvågneset, gjennom Volsdalen, forbi Campus og som del av større vegprosjekt som E136 Lerstad – Breivika og FV 60 Blindheim – Flisnes.
Plan for fv60 Blindheim – Flisnes. Ny sykkelveg på nordsida av fylkesvegen med gul strek. Her er reguleringsplanen vedtatt, og prosjektet er prioritert i foreliggende bypakke.
Det blir arbeidd med større og mindre prosjekt som ikkje krev regulering, men som må utgreiast både når det gjeld fysiske løysingar og kostnader fram til endeleg politisk vedtak og eventuelt gjennomføring. Eksempel på dette er eit innbyggerinitiativ for sykkelveg langs Borgundvegen på Nørve og sykkelveg og sjøpromenade frå Volsdalsvågen til Meierikaia. Her er det Statens vegvesen som foreløpig prosjekterar utfyllinga, og samarbeidar med kommuna som har ansvaret for å rydde opp miljøgifter i sjøen før det kan bygges der.
Sjå også