PAKT – plan for areal, transport og klima i ÅlesundregionenPlan for areal, klima og transport PAKT - er ein langsiktig strategiplan for berekraftig vekst i Ålesundregionen. Arealbruk og transport blir sett i samanheng, i eit klimaperspektiv, og med FN sine berekraftsmål som fundament. FRAM / Møre og Romsdal fylkeskommune PAKT definerer mål og strategiar for den framtidige utviklinga i regionen, vurderer kvar veksten bør komme og korleis transportsystemet best kan binde ulike område saman.PAKT er utarbeidd av kommunane Ålesund, Sula og Giske i samarbeid med Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune.PlanenPlanen er samla i planomtalen til PAKT. Planomtalen skildrar problemstillingar, mål og målkonfliktar, og går nærare inn på 6 ulike plantema. Sist i planomtalen finn ein strategiar til kvart av delmåla, retningslinjer og eit handlingsprogram.Sjå PAKT-planen her (PDF, 9 MB)KunnskapsgrunnlagI samband med arbeidet med PAKT er det utarbeidd eit omfattande kunnskapsgrunnlag:Digitale kartportalar Ålesundregionen (arcgis.com) og Plan for klima, areal og transport i Ålesundregionen (PAKT) (arcgis.com)Arealoversikt (PDF, 2 MB)Veginfrastruktur (PDF, 4 MB)Innfartsparkering (PDF, 2 MB)Transportfagleg vurdering av båtruter (PDF, 2 MB)Byanalyse (PDF, 4 MB)Stadanalyse (PDF, 7 MB)Kommunestatistikk PAKT-området (PDF, 316 kB)Landbruksareal i senterområda (PDF, 9 MB)VedtakGodkjenning av PAKT, Ålesund kommunestyret 19. mai 2022. Ansvarleg for tenestaPlan og bygning Sist endra 29.05.2025 12.07