Råd ved kokeanbefaling

Om det trengst å koke vatnet, så sender kommunen alltid ut melding om kokeanbefaling til dei det gjeld. Vi varslar også når kokeanbefalinga er oppheva. 

Som oftast sender vi ut melding om kokeanbefaling for å vere på den sikre sida. Vi vil vere føre var, for å sikre innbyggarane tryggast mogleg drikkevatn. 

Ved leidningsbrot vil det normalt vere nok at kommunen gjer ei kontrollert spyling. Dersom kommunen er usikker på om det har kome forureining inn i leidningsnettet, vil kommunen vurdere om vi skal ta ei vassprøve og sende ut eit kokevarsel.

Kokevarsel blir alltid sendt ut i samråd med kommuneoverlegen. 

Praktiske råd ved kokevarsel

Ved eit kokevarsel bør du følgje råda frå Folkehelseinstituttet: Kva bør du gjere når du får kokevarsel frå vassverket?

Du bør koke vatnet som du skal bruke til:

  • Drikke, utblanding av saft, og andre produkt som ein drikk eller blir ete.
  • All mat som ikkje skal kokast eller varmebehandlast over 100 °C.
  • Kaffe. Kaffetraktarar kokar ikkje vatnet, og vatnet til kaffelaging må difor få eit oppkok på førehand.
  • Isbitar.
  • Skylling av frukt, salat og grønsaker som ikkje skal kokast.
  • Tannpuss.

 

Ukokt vatn kan brukast til:

  • Lage kokt mat.
  • Handvask. Hendene blir vaska med såpe, blir skylt og tørka etterpå.
  • Dusjing og karbad: Ein kan dusje og bada som normalt ved kokevarsling. Har ein dårleg immunforsvar i kombinasjon med opne sår, blir ein anbefalt å ta ein rask dusj og at ein tørkar seg godt etterpå. Pass på å ikkje svelge vatn. Ha særleg kontroll med små barn.
  • Manuell oppvask og oppvaskmaskin.
  • Klesvask og anna reinhald i huset.
  • Anna bruk heime.