Hagevatning og smarte vatnetips

Vatnar du hagen med vasspreiar, kan du ta vatnet frå andre og i verste fall får ikkje brannvesenet nok vatn til å sløkke brann

Ein vasspreiar med normalt trykk som står på i tre, fire timar bruker fem gongar så mykje vatn som det ein familie på fire bruker i snitt per døgn.  

Ålesund har som dei fleste andre kommunar ikkje kapasitet på leidningsnettet til å takle at innbyggarane vatnar hagen med vasspreiiar. Bruker du mykje vatn, kan enkelte område få lavt trykk og i verste fall miste vatnet. Dette kan få store konsekvensar mellom anna dersom brannvesenet ikkje får nok vatn til sløkkingsarbeid.   

Anbefalingar og restriksjonar om hagevatning

Nokre gongar må kommunen sende ut anbefalingar og restriksjonar for hagevatning.  Det kan gjelde heile eller delar av kommunen. Det får du melding om gjennom kommunen sine informasjonskanalar.  

Smarte vatnetips:

  • Unngå vasspreiar. Plenar er robuste og tåler tørke.
  • Vatnar du sjeldan, får du robust plen med djupt rotsystem. Dermed vil plenen bli betre rusta mot uttørking.
  • Dersom det blir langvarig tørke, kan plenen få ei skikkelig «rotbløyte» (tilsvarande 2-3cm med vatn).
  • Blomster bør få vatn regelmessig.
  • Unngå å vatne midt på dagen. Er det solskin vil vatnet fordampe. Vatne heller på kvelden.
  • Dekk jorda. Grasklipp, bark eller liknande held på fuktigheita i jorda.
  • Ta vare på regnvatn og bruk det til å vatne blomstrar.
  • Unngå bilvask, vask av husfasade og liknande når det er lav vasskapasitet.
  • Ved brannutrykning i eige område; stopp hagevatninga, slik at det blir nok vatn til slokkearbeidet.
     

Om du følgjer desse råda bidreg du til god kapasitet og sikker vassforsyning.