Lokale reglar for vatn og avløp i Ålesund kommune, som kjem i tillegg til dei tekniske reglane i standard abonnementsvilkår for vatn og avløp:
Punkt 2.3.2:
Ved legging av leidningar i veg vert det anbefalt å bruke rettleiinga i VA-norma om frostfri djupne. På stader der leidningane ikkje kan leggast på frostfri djupne, bør/skal det gjerast tiltak for å sikre at leidningane ligg frostfritt.
Punkt 2.3.3:
Ved ferdigmelding skal alle skisser leverast inn til verksemd for vatn og avløp (VA) med kryssmål. Måledata må leverast verksemd for VA etter rettleiing i kommunens VA-norm.
Vassleidningar med innvendig dimensjon DN50 og større, skal knytast til kommunale vassleidningar ved bruk av T-rør.
Dersom det blir vanskeleg å bruke T-rør, kan ein bruke to anboringsklammer etter rettleiing frå verksemd for VA.
Ved nye anlegg og utskifting av private stikkleidningar vert det anbefalt bruk av varerøyr når leidninga ligg i offentleg vegareal.
Alle kostnadar når ein koplar seg til, skal dekkast av abonnent.
Punkt 2.4.
Alle sprinkelanlegg bortsett frå tørranlegg, skal sikrast med tilbakestrømmingvern for væskekategori 4 type BA-ventil som skal kontrollerast kvart år. Det skal monterast tilbakestrøymingsvern for væskekategori 2 type EA-ventil når ein knyter seg til den kommunale hovudleidninga i kum. Kontakt verksemd for VA for prinsippskisse.
Punkt 3.2.9:
Ved tilknyting på kommunale avløpsleidningar vert det vist til VA-norma. Alle kostnadar ved tilknyting skal dekkast av abonnent.
Punkt 3.5:
For dimensjonerande vass-standsnivå i Ålesund kommune, skal Statens kartverk sitt grunnlag nyttast. Det skal brukast tilrådde nivå for planlegging med lokal klimafaktor. Dette gjeld ved planlegging av naudoverløp, regnvassoverløp og andre installasjonar om det er fare for sjøvassinntrenging.
Punkt 3.7:
- Oljeutskiljar:
Før installasjon av ny eller utskifting av oljeutskiljar skal det sendast inn søknad om utsleppsløyve for å sleppe på oljehaldig avløpsvatn.
For alle verksemder der ein har påslepp av oljehaldig avløpsvatn skal alle kontrollar, tømmingar, prøvetakingar og analyseresultat rapporterast til kommunen digitalt. Dette skal gjerast i entreprenørportalen av føretaket/entreprenør som verksemda har service/kontroll og tømmeavtale med.
Analyserapportar og rapport frå tømming/kontroll skal leggast ved.
- Feittutskiljar:
Før installasjon av ny eller utskifting av feittutskiljar, skal det sendast inn søknad om å sleppe
på feitthaldig avløpsvatn.
For alle verksemder der ein har påslepp av feitthaldig avløpsvatn, skal alle kontrollar, tømming og temperaturmålingar rapporterast til kommunen digitalt. Dette skal gjerast i entreprenørportalen av føretaket/entreprenør som verksemda har service/kontroll og tømmeavtale med.
Analyserapportar og rapport frå tømming/kontroll skal leggast ved.