Hald sluk og rister opne

Unngå vasskader sjølv om regnet ausar ned. Hald alltid avløp, sluk og rister opne og rydda for lauv og skrot, slik at vatnet kan renne unna.

Kort fortalt:

  • Hald sluk og rister rundt huset og ute i gata opne.
  • Lauv og rusk kan gi tette slukar og rister.
  • Tette sluk kan gjere at regnvatn og smeltevatn renn inn i kjellarar og garasjar.
     

Mykje regn på kort tid kjem oftare enn før og til alle årstider. Sluk og rister må derfor alltid haldast opne. Spesielt om hausten må huseigarar og folk som bur langs gatene sjekke at lauv og rusk ikkje tettar sluk og rister. Om vinteren kan også is og snø hindre regn og smeltevatn i å renne ned i avløpsristene.

Eit tett avløp i vegen kan gjere at vatnet i renn inn i ein garasje eller kjellar i staden for ned i avløpsnettet.

Huseigar sine plikter

Dei som eig hus eller eigedom mot offentleg stad skal sørge for at avløp i fortau, rennestein, grøft e.l. blir haldne opne. Sjå politivedtektene for Ålesund, kapittel 5.  

Hjelp naboen

Er det meldt kraftig regn, sjekk gjerne kjellarinngang og sluk også på tomta til naboar og kjenningar som du veit er vekkreiste eller som ikkje greier å gjere det sjølve.

Meld om vasskade på vegar og friområde

Meld frå til meldingstenesta vår dersom du oppdagar skadar på veg, parkar og friområde etter regnskyll.

For akutt varsling ved oversvømming kan du kontakte oss slik: