Avløp og stikkleidningar frå hushaldningar
Du er ansvarleg for at ditt private vass- og avløpsanlegg er i forskriftsmessig stand. Dette gjeld den private stikkleidninga di og anna utstyr utanfor huset.
Dine plikter som huseigar
Stikkleidningar er vass- og/eller avløpsleidninga frå bustaden til og til den kommunale hovudleidninga Stikkleidninga er eigd av grunneigar og grunneigar skal halde den vedlike.
Du må utbetre feil og manglar dersom det blir påvist lekkasje. Ansvaret til grunneigar går til og med tilkoplingspunktet til den kommunal leidninga. Stikkleidninga skal vere lagt i frostfrie massar og det private vass- og avløpsanlegget skal vere i tråd med standard abonnementsvilkår
Ved utskifting av hovudleidningsnettet til kommunen kan kommunen kreve at du må skifte ut den private avløpsleidninga di dersom den ikkje tilfredsstiller krava.
Sist endra 10.01.2025 14.38