Byutvikling på sørsida i Ålesund sentrum

Ålesund er den største byen mellom Bergen og Trondheim, og det sterkaste vekstområdet i regionen. For å kunne oppretthalde og styrke denne posisjonen i framtida må Ålesund tilrettelegge for framtidige utfordringar og ny utvikling. I den samanheng er sørsida av Ålesund sentrum eit svært viktig område med stort potensiale.

Illustrasjon Sørsida

Sørsideplanen

Det vart i 2015 vedtekne ein områdereguleringsplan for Ålesunds sentrale sørside (Sørsideplanen). Den legg til rette for vidareutvikling av området Sørsida, med ca. 130.000 m2 ny bebyggelse.

Innanfor planområdet blir det lagt opp til fleire nye funksjonar som bustad, forretning, service, kulturaktivitetar og skule. Områdereguleringa omfattar også betydelege infrastrukturtiltak, mellom anna gjennom etablering av «Kulturhavna» og «Rådhushavna» og nye vannrom med auka kontakt mellom byen og sjøen.

Planen muleggjer viktige byplanmessige grep. Dei overordna målsettingane for planen er mellom anna å sikre ei berekraftig utvikling med fokus på høg kvalitet, auka kontakt med sjøen, Ålesunds historiske identitet og alternative transportløysingar.

Dokument

Sørsida Utvikling 

Sørsida Utvikling AS (SUAS) vart etablert i 2019 som utviklingsselskap, med formål å fungere som eit overordna organ for dagleg operativ leiing for utviklinga av sørsida av Ålesund sentrum.

Sørsida skal i samsvar med Ålesund kommunes eigarskapsmelding for SUAs blir utvikla til å bli eit føregangsdøme på byområde med berekraftige løysingar som balanserer økonomiske, miljømessige og sosiale berekraftsmål. SUAS skal leggje vekt på sitt særlege samfunnsmessige ansvar og skal i den samanhengen vareta offentlege og byutviklingsmessige omsyn.

For meir informasjon, sjå nettsida til Sørsida Utvikling

Artikkelliste