Bustadar med bemanning i Olsvika

Vi skal byggje ti bustadar som er tilrettelagde for og som skal kunne kjøpast av personar med utviklingshemming. Det skal vere heildøgnbemanning, og det er sett av eigne areal for fasilitetar for tilsette.

Flyfoto frå Olsvika - Klikk for stort bileteHer i Olsvika skal vi bygge bustadar med bemanning.

Kva bygger vi?

  • Prosjekt tittel: Bustadar med bemanning i Olsvika
  • Byggested: Olsvika (gamle Ålesund)
  • Bruttoareal:  1500 m2
  • Planlagt oppstart: Byggestart i slutten av 2023
  • Kostnadsramme: 59 000 000,-
  • Entrepriseform: Totalentreprise

Det skal byggjast ti bustader som er tilrettelagde for og som skal kunne kjøpast av personar med utviklingshemming som elles vil ha utfordringar med å komme inn på bustadmarknaden.

Det er to separate bygningar i to etasjar med parkeringskjellar, kor det er god dekning av tilrettelagde parkeringsplassar. I den arkitektoniske utforminga blir det lagt vekt på at leilegheitene skal verke attraktive og utan preg av institusjon. 

Prosjektet blir planlagt sertifisert for BREEAM Very Good og ZEB-O, som blant mykje anna betyr at det blir solcelleanlegg på taket og at det er teke særlege omsyn til miljøet under prosjektering, bygging og i bruk. 

Det er to- og treroms leilegheiter i storleikar frå 56-60 m2. Alle leilegheitene vil få balkong og nokre av leilegheitene kan ha eigen hovudinngang direkte frå terreng.  

Det skal vere heildøgnbemanning, og det er sett av eigne areal for fasilitetar for tilsette.

Planskisse - Klikk for stort bileteDette er foreløpig planskisse for leilighetene

Når skal prosjektet vere ferdig?

Planlagt ferdigstilling: I slutten av 2024

Kven er ansvarleg?

  • Prosjektansvarleg hos ÅKE: Jørn Johannesen
  • Prosjekteringsgruppe under ledelse av Nordplan AS