Her i Olsvika skal vi bygge bustadar med bemanning.Kva bygger vi?
- Prosjekt tittel: Bustadar med bemanning i Olsvika
- Byggested: Olsvika (gamle Ålesund)
- Bruttoareal: 1500 m2
- Planlagt oppstart: Byggestart i slutten av 2023
- Kostnadsramme: 59 000 000,-
- Entrepriseform: Totalentreprise
Det skal byggjast ti bustader som er tilrettelagde for og som skal kunne kjøpast av personar med utviklingshemming som elles vil ha utfordringar med å komme inn på bustadmarknaden.
Det er to separate bygningar i to etasjar med parkeringskjellar, kor det er god dekning av tilrettelagde parkeringsplassar. I den arkitektoniske utforminga blir det lagt vekt på at leilegheitene skal verke attraktive og utan preg av institusjon.
Prosjektet blir planlagt sertifisert for BREEAM Very Good og ZEB-O, som blant mykje anna betyr at det blir solcelleanlegg på taket og at det er teke særlege omsyn til miljøet under prosjektering, bygging og i bruk.
Det er to- og treroms leilegheiter i storleikar frå 56-60 m2. Alle leilegheitene vil få balkong og nokre av leilegheitene kan ha eigen hovudinngang direkte frå terreng.
Det skal vere heildøgnbemanning, og det er sett av eigne areal for fasilitetar for tilsette.
Dette er foreløpig planskisse for leiligheteneNår skal prosjektet vere ferdig?
Planlagt ferdigstilling: I slutten av 2024
Kven er ansvarleg?