Forslag frå innbyggarar

Gjennom å samle underskrifter har du som innbyggar i ein kommune eller eit fylke rett til å sette ei sak på den politiske dagsorden. 

Denne artikkelen er over 1 år gammal og kan innehalde utdatert informasjon.

Eit forslag frå innbyggarane gir Ålesund sine innbyggarar høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptatt av. Dersom du fremmer eit slikt forslag, er kommunestyret plikta til å behandle det innan seks månader.

Retningsliner for innbyggarinitiativ

  1. Du må fremme eit forslag som du ønsker kommunestyret skal ta stilling til. Forslaget må ha eit konkret innhald og gjelde ei sak (eller saker) som kommunen er pålagt å arbeide med, oppgåver kommunen har tatt på seg frivillig eller ting som du meiner kommunen bør ta eit ansvar for. Forslaget må altså dreie seg om saker som kommunen har mynde til å gjere vedtak i.
  2. Forslaget må vere skriftleg. Du står fritt til å formulere forslaget.
  3. Forslaget må ha tilslutning frå minst 300 personar som er busette i kommunen. Personen må føre opp namn og bustadsadresse, dette for å verifisere at personen bur i Ålesund. Det er ikkje krav om at du eller dei andre har stemmerett ved valet til nytt kommunestyre – det vil seie at det ikkje er bindingar i forhold til alder, butid i kommunen eller nasjonalitet. Tilslutninga må dokumenterast med underskriftsliste.
  4. Det må opplysast kven som er talsperson for forslaget (ein eller fleire) slik at kommunen kan gi tilbakemelding på kommunestyret si behandling av saka.

Forslag som oppfyller desse vilkåra må kommunestyret ta stilling til seinast seks månader etter at det er sett fram. Dette gjeld likevel ikkje dersom eit liknande forslag med same innhald er sett fram tidlegare i same valperiode. Forslaget kan heller ikkje settast fram på nytt før det er gått fire år sidan det sist blei fremma.

Kommunestyret kan ta stilling til eit initiativ frå innbyggarar sjølv om vilkåra nemd ovanfor ikkje er oppfylt. Det er opp til kommunestyret sjølv å ta stilling til om det vil behandle forslaget eller ikkje.

Lover og retningslinjer

Kommunelova kapittel 12 om deltaking frå innbyggarar og forslag frå innbyggarar