Forslag frå innbyggarar

Eit innbyggarforslag gir innbyggarane i Ålesund høve til å få kommunestyret til å behandle politiske saker dei er opptekne av.

Ved å samle underskrifter har du som innbyggar rett til å sette ei sak på den politiske dagsordenen, så lenge saka gjeld kommunen si verksemd. Dersom vilkåra er oppfylte, skal kommunestyret behandle forslaget innan seks månader.

Slik fremmer du eit innbyggarforslag

  1. Skriv tydeleg kva forslaget handlar om. 
  2. Forslaget må gjelde kommunen si verksemd og ligge innanfor kommunen sitt ansvarsområde.
  3. Forslaget må vere støtta av minst 2 prosent av innbyggarane i kommunen, eller av minst 300 personar. For Ålesund vil det vere tilstrekkeleg med 300 underskrifter.
  4. Dei som støttar forslaget, må vere busette i kommunen. Underskriftene må innehalde fullt namn og adresse.
  5. Oppgi kven som er talsperson for forslaget (ein eller fleire) slik at kommunen kan gi tilbakemelding om kommunestyret si behandling av saka.


Forslag som oppfyller vilkåra, skal kommunestyret ta stilling til seinast seks månader etter at forslaget er sett fram.

Dette gjeld likevel ikkje dersom det tidlegare i same valperiode er fremma eit forslag med same innhald. Eit slikt forslag kan heller ikkje settast fram på nytt før det har gått fire år sidan det sist vart fremma.

Kommunestyret kan også velje å ta stilling til forslag frå innbyggjarar sjølv om vilkåra ovanfor ikkje er oppfylte. Det er då opp til kommunestyret å avgjere om forslaget skal behandlast.

Innsending av initiativ og underskrifter

Du kan publisere innbyggarforslag, og samle underskrifter for saka di, digitalt gjennom nettportalen minsak.no

Når du har samla nok gyldige underskrifter, kan forslaget sendast inn til kommunen gjennom portalen. Du kan også sende forslaget og underskriftene til:

Ålesund kommune
Postboks 1521
6025 Ålesund

eller til postmottak@alesund.kommune.no

Sjå saker frå Ålesund på Minsak.no (Trykk "Se saker" i venstre spalte)

Lover og retningslinjer

Kommunelova kapittel 12 om deltaking frå innbyggarar og forslag frå innbyggarar