Vegsundbakken - avslutte direkteutslepp

Med prosjektet i Vegsundbakken får vi avslutta eit av dei største direkteutsleppa av ureinsa avløpsvatn i Ålesund kommune.

naust, fjøre og sjø i vinterlandskap - Klikk for stort bilete

I dag går direkteutslepp frå om lag 130 personar ureinsa ut i Vegsundvågen, noko som mellom anna har stor påverknad på badevasskvaliteten i området. 

I samband med det nye avløpsreinseanlegget på Kongshaugen og overføringsnettet dit, skal det byggast ein ny pumpestasjon ved dagens utsleppspunkt ved Vegsundbakken. Pumpestasjonen skal leie det ureinsa avløpsvatnet som i dag går rett i sjøen inn i overføringsnettet og vidare til reinsing på Kongshaugstranda. 

Pumpestasjon

kart - Klikk for stort bileteIllustrasjonen viser ei grov skisse over foreløpige planar. Linjene som er markerte med raudt er leidningar som er planlagt sanerte medan dei grøne er planlagte nye leidningar.

Dette prosjektet er ikkje ein del av utbygginga på Kongshaugen, men eit eige prosjekt for Ålesund kommune. Prosjektet gjeld pumpestasjon med oppstillingsplass for service- og driftskøyretøy. Dette blir på på kommunal tomt.  Pumpestasjonen skal byggast slik at den passar inn i naustmiljøet i området. 

Slike moderne pumpestasjonen gir sjeldant eller aldri sjenerande lukt.  

Leidningsnett og veg

I tillegg til pumpestasjonen skal leidningsnettet som høyrer til re-etablerast og det skal leggast vassleidning fram til pumpestasjonen.

For å sikre at slamsugbilar og servicekøyretøy kjem seg fram heile året må også vegen til pumpestasjonen utbetrast. Det vert planlagt at den nye vegen blir om lag 3,5 meter brei. 

I byggeperioden vert vegen ned til nausta midlertidig stengt i nokre månader. Dette blir det gitt beskjed om i god tid før. 

Prosjektet er i ein tidleg fase der fleire vurderingar gjenstår, så det kan bli endringar. 

  • Har du spørsmål eller innspel, kan du ta kontakt med nina.bjornvold.bakken@alesund.kommune.no