Sekundærreinseanlegg for ytre bydel
For at Ålesund skal ha lovleg løysing for avløpsvatn frå Hessa, Aspøya og delar av Nørvøya, må kommunen bygge sekundærreinseanlegg for dette området.
Statsforvaltaren varsla i januar 2026 om at Ålesund får endring i utsleppsløyve og bad om at kommunen om å sende inn framdriftsplan som viser korleis ein vil sikre sekundærreinsing for reinseanlegga på Hessa, Aspøya og Flatholmen. Framdriftsplanen skal sendast før 1. mai og hovudutvalet for teknisk, miljø og samferdsel fekk planen på bordet i møte 13. april.
I saka som vart lagt fram er framdriftsplanen skissert slik:

I det vidare arbeidet er det mange avklaringar som skal gjerast og kvar fase tek tid.
- I idefase må ein sjå på kva behov som skal løysast og korleis det kan gjerast både med teknologi, samarbeid og kapasitet. Kvar anlegg skal ligge og organisering er også typiske tema i denne fasen.
- Konseptutvalgutgreiing (KVU) går vidare med saker som problemskildring, behovsanalyse, rammevilkår og moglegheitsstudie. Politiske diskusjonar kan då handle om lokasjon, kapasitetsbehov, forhold til næringsliv og teknologival.
- I forprosjektet ser ein nøyare på teknologi, grunnundersøkingar, arealplanlegging og reguleringsplan, kostnader osb.
- Detaljprosjekteringa går endå meir detaljert inn i prosjektering av bygg og prosess, utarbeider konkurransegrunnlag osb.
Sist endra 14.04.2026 14.56