Ruudvegen

Vi skiftar ut gamle rør i Ruudvegen.

flyfoto over område med bustader og idrettsanlegg - Klikk for stort bilete

I Ruudvegen har det vore dårlege rør og leidningsbrot, men no blir dei gamle røra skifta ut og det blir lagt nye både for vatn og avløp på ei strekning på om lag 350 meter. 

I tillegg vert det også lagt nye rør for overvatn. Dermed skil vi ut overvatn frå avløpet. Då treng vi ikkje bruke energi i pumpestasjonane til å handtere regnvatn og pumpestasjonane har kapasitet til å handtere kloakken. 

Det vert dessutan montert vassmålarar slik at vi kan følge med på vasstraumen i leidningane. Med fleire vassmålarar får vi meir nøyaktig måling og kan oppdage lekkasjar tidlegare og reparere billegare. 

Arbeidet er planlagt og blir utført i samarbeid med Bypakken gjer det tryggare for gåande i krysset ved Lerstadvegen med fotgjengarovergang og betre belysning. 

Omkøyring

Medan arbeidet pågår vert det omkøyring via Sperre Nakkens veg.

Arbeidet startar i midten av februar og vil pågå til ut på hausten.