
Våren 2026 er vi i gang med oppgradering av vass- og avløpsleidningar i Nylandvegen.
Målet med prosjektet er å sikre ein meir framtidsretta og driftssikker infrastruktur slik at risiko for mellom anna oversvømmelsar frå lekkasjar blir mindre.
Kva går prosjektet ut på?
I samband med arbeidet er det sett opp sedimenteringscontainerar. Grøftevatnet går innom her, så får tyngdekrafta gjere jobben med å la stein og grus sekke til botnen før vatnet går vidare til avløpsnettet.Vi skal skifte ut dagens vass- og avløpsledningar, for å redusere risikoen for lekkasjar og sikre stabil drift. Arbeidet vert gjort i tråd med gjeldande regelverk.
Vi prøver å gjere arbeidet med minst mogleg ulempe for bebuarane.
Framdrift
Arbeidet vert gjennomført i fleire fasar og etappar langs strekninga. Det blir grave og lagt nye vass- og avløpsleidningar i avgrensa områder om gangen. Etterkvart som arbeidet blir ferdig i eit område, vert dette sett i stand før vi går vidare til neste. Faseplankartet som du ser under gir ei oversikt over kva område det skal arbeidast i og og kva rekkefølge som er planlagt.

Vi er no i gang med fase 1. Dersom framdrifta går som planlagt, håper vi å ha ferdig fase 2, inkludert asfaltering, innan seinhausten 2026.
Nokre delar av strekninga vil vere påverka av arbeidet over lengre tid medan andre vert ferdig raskare.
Heile prosjektet skal etter planen vere ferdig hausten 2027.

Framdrifta er mellom anna avhengig av vêret, grunnforhold og eventuelle uforutsette ting som kan dukke opp undervegs.
Vi held nettsida her fortløpande oppdatert med informasjon om framdrift, trafikkavvikling og andre forhold som påverkar naboar og andre berørte.
Vi ser fram til eit godt samarbeid og effektiv gjennomføring av prosjektet.
Vi passar på Lillevatnet
Lillevatnet er eit sårbart naturområde, så det gjeld å passe godt på. Vi har difor lagt ut siltgardin som skal sørge for at ikkje grus og andre partiklar fer ut i vatnet dersom det blir overløp frå avløpsleidninga som er i dårleg stand.
Nokre har no sett at det har vakse fram noko grønt innanfor siltgardina. Ferskvassøkologar har sett på dette, og fortel at det er ein ferskvassplante, truleg Klovasshår. Det er ein uproblematisk art og som har funne seg til rette innanfor siltgardina sidan her er det rolegare og lunare strøymingsforhold enn ute i vatnet.
Ferskvassøkologane vurderer at det ikkje er behov for noko vidare tiltak og at siltgardina fortsatt bør stå ute som eit beredskapstiltak for å beskytte mot eventuelle forureinande utslepp.
Overløpet er tetta og det kjem ikkje noko ut av røret og ut i vatnet innanfor siltgardina no, men siltgardina står der som ein beredskap i tilfelle det trengst å åpne overløpet i løpet av anleggsarbeidet, som skal pågå i området i om lag eit år.
Naboinformasjon
Naboar var invitert til møte mandag 20. oktober 2025. På møtet gjekk vi gjennom prosjektet saman med naboane.
Fjerning av asbest-rør
Fredag 9. oktober startar arbeid med fjerning av asbest-rør langs Holsmyrvegen. Asbestrøra har ikkje vore farlege for drikkevatnet, men vert no bytta ut og i arbeid med røra trengst det spesielle sikringstiltak.
Fjerninga av røra skjer i samband med at det skal leggast nye vass- og avløpsleidningar i området ved Nylandvegen, for å få mindre risiko for oversvømmelsar.
Kva tid?
Det er asbestrør både i Holsmyrvegen og Nylandsvegen. Først skal røra fjernast i Holsmyrvegen. Det arbeidet tek til i starten av oktober. I Nylandsvegen vil arbeidet starte på nyåret.
For Holsmyrvegen gjeld det graving i gang- og sykkelvegen mellom Nylandvegen og Holsmyrvegen vest av Fremmerholen barnehagen.
Trygt arbeid
Vassrør i asbest påverkar ikkje kvaliteten på drikkevatnet. Asbest utgjer ingen risiko med mindre asbestfiber vert frigjort frå asbestmaterialet. Det kan for eksempel skje når du kuttar av asbestrøra. Det er difor strenge krav til entreprenøren for korleis arbeidet skal gjerast.
Av tiltak som er gjort og skal gjerast er for eksempel at:
- Området blir avsperra og skilting om at publikum må ikkje ta seg inn i anleggsområdet.
- Under arbeidet blir røra og heile tida fukta for å unngå spreiing av støv.
- Rørdelar som skal fjernast blir straks pakka og lagra forsvarleg.
- Dei som skal utføre arbeidet er kursa og har fått nødvendig opplæring.
- Vind- og verforhold vert heile tida vurdert og det er også tett kontakt med barnehagen i nærområdet.
Det er ikkje nokon helserisiko for folk i området ved normal aktivitet utanom anleggsområdet.
Det blir arbeid med grunnboring i Nylandsvegen i veke 45 og 46, som ein del av førebuingane til oppgraderinga av vatn- og avløpsinfrastrukturen.
Kva skjer?
I veke 45 blir det påvising av kabel og leidningar i området.
Oppstart av boring er planlagt til torsdag 6. november 2025, og arbeidet vil pågå til og med veke 46. Endeleg dato for arbeidet blir varsla om i sms.
Boring blir gjort med borerigg, og arbeidstid skal vere frå kl. 08:00 til 19:00.
Vi vil gjere vårt beste for å gjennomføre arbeidet med minst mogleg ulempe for bebuarane. Det kan likevel bli noko støy og forstyrringar i periodane med boring.
Under ser du boreplan med planlagte borepunkt. Ver merksam på at enkelte punkt kan bli flytta undervegs, avhengig av eksisterende infrastruktur og grunnforhold.


Kontakt
Har du spørsmål eller ønsker meir informasjon, er du velkomen til å ta kontakt:
• Prosjektansvarleg: Sophie Schneider
• E-post: Sophie.schneider@alesund.kommune.no
• Telefon: +4746224970