Lillevegen - Hessa

Nye rør og kummar langs Lillevegen på Hessa skal forhindre lekkasjer og forureining av strandområde på Hessa. 

kart med avmerka arbeidsområde - Klikk for stort bilete

Langs Lillevegen på Hessa skal Vatn og avløp fornye leidningsnettet og skifte ut dei eksisterande røra med nye rør og nye kummar. 

Dette er blir gjort i eit område der mange over tid har etterlyst tiltak på grunn av mykje vatn ei mark nedover mot fjøra og tilkomst til badeplass. Det har vore bekymring for at dei gamle røra i området ved Lillevegen kan lekke og forureine strandlinja lenger nede. 

Nye rør i Lillevegen har venta på Bypakke-prosjektet for Hessafjordvegen. Det prosjektet er no sett på pause, og Vatn og avløp tek difor utskifting i kun i Lillevegen i denne omgang. Avløpsnettet ved Hessafjordvegen er dårleg, men blir skifta i samband med Bypakke-prosjektet fordi samordning av prosjekt og graving blir billegare og meir effektivt.  

Framdrifta er planlagd slik:

  • Fase 1 (gult i kartet): Startar i veke 47 og held fram til og med veke 48.
  • Fase 2 (raudt i kartet): Startar i veke 48 og er planlagd ferdigstilt i veke 50.
  • Fase 3 (lilla i kartet): Etter nyttår.

Spørsmål? 

Har du spørsmål kan du ta kontakt med prosjektleiar Ole-Johan Valderhaug.