Framtidas avløps- og slamløysingar

Kommunane på Nordre Sunnmøre har i fellesskap arbeidd fram eit felles kunnskapsgrunnlag for planlegging og utvikling av framtidige løysingar for avløpsreinsing. 

figurer som viser verdikjeden for slam - Klikk for stort bileteFiguren viser verdikjeden for slam fra private hjem og næring til produksjon av energi.

Prosjektet har no levert ferdig prosjektrapport som du kan lese her. (PDF, 22 MB)

Kommunane på Nordre Sunnmøre står framfor store investeringar i avløpssektoren. Regjeringa vil innlemme EUs reviderte avløpsdirektiv i norsk rett og gjødselvare- og gjødselbruksforskrifta er skjerpa. Det betyr at:

  • Alle tettstader med over 1 000 personekvivalenter må ha sekundærreinsing
  • Slam og biorest får strengare krav til kvalitet, dokumentasjon og bruk.

Sjå verdikjeda i samanheng

Val av reinseteknologi påverkar slamproduksjon, energibehov, arealbruk, transport og moglegheita for vidare ressursutnytting. Kunnskapsgrunnlaget som no er jobba fram peikar difor på behovet for å sjå avløpsreinsing, slambehandling og ressursutnytting i samanheng.

Utfordringsbildet 

  • Strengare reinsekrav 
    • Fleire anlegg må førebu seg på sekundærreinsing. Krava vil også påverke mellom anna energi, overvatn, overvaking og dokumentasjon.
  • Lokale forhold 
    • Store nedbørsmengder, framandvatn, djupe fjordar, kupert terreng, spreidd busetnad og lange avstandar gjer samordning og transport krevande. 
  • Meir slam - usikker avsetning 
    • Auka reinsekrav vil gi større auke i slammengda og skape behov for meir framtidsretta slambehandling. Samtidig blir avsetning av biorest, restproduktet fra slambehandlinga, meir krevande når krava til bruk skjerpast. 
  • Kapasitet og kompetanse 
    • Mange mindre anlegg og avgrensa fagmiljø gjer det krevande å møte framtidige krav kommune for kommune.

Prosjektfakta

Prosjektet har vore leia av Margrete Emblemsvåg, Ålesund kommune, saman med ei arbeidsgruppe med Øystein Solevåg (Attvin AS), Lars Saga (Driftsassistansen i Møre og Romsdal) og Fride Drønnen (Sula kommune). Arbeidet er gjennomført i tett samarbeid med Elisabeth Smith og Gørig Hørrigmoe fra Leverandørutviklingsprogrammet (LUP) og Arne Haarr fra Norsk Vann. 

Styringsgruppa har vore kommunedirektørane i kommunane Ålesund, Haram, Giske, Sula, Fjord, Stranda og Sykkylven. 

Prosjektet er finansiert gjennom skjønsmidlar fra Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.