Vasstanden både på Langevatnet og Strokevatnet/Bigtonvatnet er tappa ned med vel tre meter. Dette var gjort som strakstiltak for å betre sikkerheita.
Begge desse plassane er det no farleg å gå over dammen, og det er forbode å gå på desse stadene som no er anleggsområde.
Langevatnet:
Langevatnet er krisevasskjelde og skal etter planen rehabiliterast. Det blir no greidd ut korleis det skal gjerast. Når planen for arbeidet er på plass, skal den godkjennast av Norges vassdrags- og energidirektorat. Dette vil ta noko tid og i mellomtida er dammen anleggsområde der det er stengt for ferdsel.
Det er sett opp gjerde for å hindre folk å gå over dammen og det vert skilta med forbod mot å gå over.
Hadde du tenkt deg på tur over dammen og vidare for eksempel mot Østremsetra eller Vasstrandegga, kan du heller krysse elva nedanfor dammen ved å bruke alternativ sti som blir merka. Der er det etablert sti og lagt til rette for kryssing av elva.
Strokevatnet/Bigtonvatnet:
Strokevatnet er ikkje krisevass-kjelde. Hausten 2025 skal det opp ei politisk sak om dammen skal sanerast eller ikkje. Også her vil det difor ta tid før det er klart kva som skal gjerast og før ein får gjort det.
I mellomtida er også denne dammen anleggsområde der det er vanskeleg å gå over og høgt ned dersom du skulle dette. Det blir skilta med forbod mot å gå over.
Her er det lagt til rette med ei trapp, for at du skal kunne krysse nedanfor dammen.
Bakgrunn:

Ålesund kommune har ansvar for sikkerheita ved dammane på Langevatnet, Strokevatnet/Bigtonvatnet saman med andre dammar på Emblemsfjellet. I tråd med regelverket for damtilsyn var det gjort ei revurdering som viser at det måtte gjerast strakstiltak for å auke stabiliteten og sikkerheita på desse to demningane. Ein sikrare dam betrar også sikkerheita for kvaliteten på råvatnet i Brusdalvatnet.
Saka vart tatt opp med NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) og vår konsulent, Multiconsult AS, som sa at vasstanden måtte senkast for å få nødvendig sikkerheit.
Vinteren 2024/2025 vart difor vasstanden både i Langevatnet og Strokevatnet/Bigtonvatnet seinka med vel tre meter.
Før tiltaka har vi hatt internhøyring, dialog med NVE og gitt skriftleg orientering til grunneigarar i tillegg til at vi har hatt møte med dei.
Røssevollsvatnet
Vi minner også om at Røssevollsdammen er vassdragsanlegg og all ferdsel over dammen er på eige ansvar. I staden for å gå over dammen, kan du gå på oppsida av vatnet, for å kome rundt.