Aktørar fra kunst- og kulturlivet blei hausten 2023 invitert til ei møterekke med totalt fem samlingar der desse spørsmåla blei stilt:
- Kva skal til for at vi skal vere ein kommune med eit robust og blomstrande kulturliv?
- Kva for aktørar må vi styrke?
- Kan dei ulike fagområda i kunst- og kulturlivet styrke hverandre, og kan vi eige problemstillingane på tvers av virke?
Meld deg på til Puls
Om samlingane
Ålesund kommune gjennomførte ein serie med nettverksamlingar for, av og med kulturlivet i kommunen vår. Der tok vi for oss fem ulike tema på fem ulike samlingar der vi hentet både lokale og eksterne perspektiv, i tillegg til å køyre innspelsrundar rundt tematikkene vi løfta fram. Dette skal være med på å bygge opp under ny metodikk for stad - og tenesteutvikling der kunst, kunstnarar og kultur skal ha ei sentral rolle. Utfallet av samlingene dannar kunnskapsgrunnlag for vidare planarbeid i kommunen.
Målet er at vi saman skal bygge innsikt og forståing for dei ulike fagområda, og at vi saman kan eige utfordringane kulturlivet står ovanfor.
Tema
Temaene for denne møterekka er:
- Kulturnæring - "Korleis bygge ei økonomisk stabil kulturnæring?"
- Kulturfrivilligheit - "Kva er føresetnadene for å lykkast med kulturfrivilligheit over tid?"
- Kunst og kunstnarar si rolle i samfunnet - "Korleis bruke kunst og kultur som verktøy/metodikk for eit betre by- og tenestetilbod?"
- Publikumsutvikling - "Har vi nok innsikt til å kunne nå fleire? Kan vi lære av kvarandre og få til et felles løft?". (Torsdag 25. januar 2024 kl. 12.00-16.00).
- Kunst - og kulturformidling - "Korleis kan vi gje innbyggarane felles opplevingar og moglegheit til å delta i kunst - og kulturlivet? (Tirsdag 27. februar 2024 kl. 12.00-16.00).
Samlingane er finansiert av Møre og Romsdal fylkeskommune, Re-Value prosjektet i Ålesund kommune og Sørsida Utvikling AS.
- Samlingane finn stad i 6. etasje på Pir.
- Moderator for samlingane er André Ulveseter.
- Vi startar med felles lunsj levert av Dampsentralen.
- Deretter går vi over til faglege innspel frå to ulike perspektiv innanfor dagens tematikk før vi opnar opp for ein moderert panelsamtale.
- Dette skal danne grunnlag for innspelsrunden der vi ber dykk, publikum, om å dele utfordringar og gode idear som kan føre til løysingar. Gjennomføring og innsamling av innspel vert fasilitert og dokumentert av Piwot.
Vil du vite meir?
Kontaktperson er Lin Marie Norberg Jacobsen