Hestegjerdet møteplass

Ålesund kommune utviklar no Hestegjerdet til eit tryggare og meir funksjonelt område, der leikeområdet blir delt i to soner for å møte ulike behov.

Oversiktskart Hestegjerdet, som viser plasseringen av delområdene i sør og nord.  - Klikk for stort bileteOversiktskart Hestegjerdet Ålesund kommune

Hestegjerdet har lenge vore eit samlingspunkt i Spjelkavika, men den gamle leikeplassen er sliten og har fleire tryggingsutfordringar. I dialog med Spjelkavikas venner har kommunen fått tydelege tilbakemeldingar om faremoment for små barn, slik som elv, overløpskanal, trafikk og syklistar i høg fart.

For å skape tryggare forhold og betre tilpassing til ulike aldersgrupper er planen no å utvikle området i nord til småbarnsleik, og området i sør til aktivitet og leik for større barn og ungdom. Heile området skal likevel vere for alle uansett alder, og utgjer til saman Hestegjerdet møteplass.

Kommunen har i samarbeid med Spjelkavikas venner engasjert Zenisk lysdesign til å utvikle ein heilskapleg plan for belysning i området. Målet er at lys skal brukast for å auke opplevinga av tryggleik og gjere området hyggeleg også i mørketida. Samarbeidet om ein lysplan tek for seg eit større område enn det som skal opparbeidast i første omgang, og gir dermed planen større verdi enn han elles ville hatt.

Kommunen ønsker å gjenbruke leikeapparat som står på lager, og supplere med nye for å sikre eit godt tilbod og ein heilskap i området.

Har du innspel?

No ønskjer kommunen innspel frå bebuarar, barn, ungdom, foreldre og andre brukarar. Du kan sende innspel digitalt, via postmottak – eller møte oss på Thon hotell Baronen 23. mars kl. 18.00.

Bruk vår digitale innspelsportal

Kven er ansvarleg?

  • Prosjektansvarleg i Ålesund kommune, Prosjekt Miljø og samferdsel: Linda Sperre-Wollstad