Hestegjerdet møteplassÅlesund kommune utviklar no Hestegjerdet til eit tryggare og meir funksjonelt område, der leikeområdet blir delt i to soner for å møte ulike behov. Oversiktskart Hestegjerdet Ålesund kommune Hestegjerdet har lenge vore eit samlingspunkt i Spjelkavika, men den gamle leikeplassen er sliten og har fleire tryggingsutfordringar. I dialog med Spjelkavikas venner har kommunen fått tydelege tilbakemeldingar om faremoment for små barn, slik som elv, overløpskanal, trafikk og syklistar i høg fart.For å skape tryggare forhold og betre tilpassing til ulike aldersgrupper er planen no å utvikle området i nord til småbarnsleik, og området i sør til aktivitet og leik for større barn og ungdom. Heile området skal likevel vere for alle uansett alder, og utgjer til saman Hestegjerdet møteplass.Kommunen har i samarbeid med Spjelkavikas venner engasjert Zenisk lysdesign til å utvikle ein heilskapleg plan for belysning i området. Målet er at lys skal brukast for å auke opplevinga av tryggleik og gjere området hyggeleg også i mørketida. Samarbeidet om ein lysplan tek for seg eit større område enn det som skal opparbeidast i første omgang, og gir dermed planen større verdi enn han elles ville hatt.Kommunen ønsker å gjenbruke leikeapparat som står på lager, og supplere med nye for å sikre eit godt tilbod og ein heilskap i området. Har du innspel?No ønskjer kommunen innspel frå bebuarar, barn, ungdom, foreldre og andre brukarar. Du kan sende innspel digitalt, via postmottak – eller møte oss på Thon hotell Baronen 23. mars kl. 18.00.Bruk vår digitale innspelsportal Kvifor gjer vi dette?Leikeplassen har vore prega av slitasje, utrygge omgivnader og forfall. Uvisse rundt E39-løysinga gjorde at utviklingsarbeidet tidlegare vart satt på pause, men etter vedtak om tunnel og finansiering av møteplassen i kommunen sin økonomiplan kan vi endeleg gå vidare.Kva er Hestegjerdet nord?Hestegjerdet nord er ei stor grønmark som kom til over Moatunnelen då riksveganlegget vart bygd. Området har hatt dreneringsproblem og vore utfordrande å bruke, men no ser kommunen moglegheiter for å aktivere det på ein god måte. Marka har ikkje dei samme utfordringane med tryggleik for dei minste borna og planen er derfor at dette området skal bli utvikla med denne gruppa i sentrum.Kva er Hestegjerdet sør?Hestegjerdet leikeplass er i dag ein opparbeidd leikeplass, med BMX-bane, og naturleg skog og terreng som kan nyttast til leik. Leikefunksjonane til leikeplassen er utdatert og området er til dels sanert. BMX-bana er operativ, men har behov for renovering. Skogen og terrenget kan også nyttast betre for å tilføre området fleire leikefunksjonar.Leikeplassen vart etablert i samband med bygginga av ny veg og tunnel gjennom området rundt år 2000. Dette området er tenkt utvikla med særleg omsyn til dei litt eldre borna og ungdom, og samtidig ein triveleg møteplass for alle uansett alder.FramdriftsplanFebruar–mars: innspel frå innbyggjarar og brukargrupperVåren 2026: rapport med innspel blir ferdigstiltHausten 2026: anbod for opparbeiding2027: bygging og oppgraderingKven er ansvarleg?Prosjektansvarleg i Ålesund kommune, Prosjekt Miljø og samferdsel: Linda Sperre-Wollstad Sist endra 25.03.2026 14.40