Forliksrådet er det lågaste leddet i rettssystemet for sivile saker og speler ei viktig rolle i samfunnet.
I møta deltek tre medlemmar/dommarar. Rådet handsamar sivile tvistar, slik som til dømes krav om betaling, gjeldskrav, tvistar om avtalar og i naboforhold.
Rådet søkjer å løyse tvistar gjennom mekling, men kan avseie dom i nokre høve. Partane i forliksrådet må ikkje bruke advokat, men det er høve til det for den som vil.
Vil du vere møtefullmektig i forliksrådet?
For å vere med må du vere fylt 25 år, ha alminneleg god samfunnsmessig kunnskap, og meistre norsk skriftleg og munnleg. Du treng ikkje å vere busett i kommunen. Du må rekne med møte ca. 1 dag kvar veke og du får betalt for kvart møte du deltek i. Statens Sivilrettsforvaltning har kurs med opplæring av medlemmar og varamedlemmar i forliksråda.
Les meir om forliksrådet