Det kommunale plan- og styringssystemet

Gode plan- og styringsprosessar er ein føresetnad for at kommunen kan utøve rolla si som tenesteytar, samfunnsutviklar og som forvaltar av demokratiske prosessar på ein god måte.

Gjennom plan- og styringssystemet skal politikarane kunne ta ansvar for strategisk styring og prioritering, og kommunedirektøren ta ansvar for å sette i verk og følge opp politiske vedtak, mål og prioriteringar.

Planstrategi

Kva er utfordringsbiletet og kva for planar har vi behov for?

Kommuneplan – samfunnsdel og arealdel

Korleis ønskjer vi å ha det og kva skal dei overordna måla våre vere? Korleis skal vi nytte areala våre til bustad, næring og friområde.

Overordna strategiar, tema- og fagplanar

Korleis skal vi nå måla?

Kommuneplanen sin handlingsdel – økonomiplan og budsjett

Korleis må vi prioritere ressursane for å nå måla?

Verksemdplanar

Kva skal dei kommunale verksemdene gjere komande år?

Årsmelding

Kva vart resultatet?

Dei ulike planane