Kommuneplan

Kommuneplanen er ein lovpålagt plan som skal bidra til ønska samfunnsutvikling og arealutnytting i eit lengre tidsperspektiv.

Kommunal planlegging skal ta vare på både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver. Kommuneplanen legg føringar for all anna planlegging, og skal ligge til grunn for både eigen og statleg/regionale verksemd i kommunen.    

Kommuneplanen består av ein samfunnsdel med handlingsdel og ein arealdel.

  1. Samfunnsdelen skal innehalde langsiktige mål og strategiar, og skal peika ut retning for utviklinga av kommunen som organisasjon og samfunn. Samfunnsdelen skal bygge på FN sine berekraftsmål, og vise korleis måla vert følgt opp lokalt.

    Her kan du lese samfunnsdelen.

    Handlings- og økonomiplanen (med årsbudsjett) utgjer handlingsdelen til kommuneplanen i Ålesund kommune.
     
  2. Arealdelen består av et plankart med føresegner og ein planomtale med konsekvensutgreiing, og viser korleis areala i kommunen skal brukast og/eller vernast, og korleis strategiane frå samfunnsdelen skal realiserast ved rett lokalisering av tenester og funksjoner.

    I kommunens to kartportalar WebInnsyn og GeoInnsyn kan du sjølv studere vedtatte kommuneplanar/kommunedelplanar, reguleringsplanar med tilhøyrande reguleringsføresegner og reguleringsplanar under arbeid.

    Sjå planinnsyn og plankart.

Overordna strategiar 2021-2024


Som oppfølging og konkretisering av kommuneplanen sin samfunnsdel har kommunestyret vedtatt strategiar for korleis vi skal møte nokre av dei største utfordringane vi står ovanfor: 

Strategiane konkretiserer korleis vi skal jobbe for å nå FN sine berekraftsmål og måla i kommuneplanen sin samfunnsdel, og utgjer sentrale styringsdokument i kommunestyreperioden.

Strategiane er også å finne i planoversikta under kategorien «overordna strategiar».

Mer informasjon