Trinn 7: Helsehjelp til heimebuande
Dei som har forbigåande eller konstante helseutfordringar, oppnår raskare rehabilitering/habilitering når det skjer heime og vert tilpassa kvardagen for den enkelte.

Fleksible tenester som møter behovet for helsehjelp og oppfølging, gjer at helseutfordringane ikkje er til hinder for å oppleve tryggheit og gode kvardagar i eigen heim.
Ålesund kommune fattar vedtak om tenester som:
- Tek vare på behov for rehabilitering/habilitering og som sikrar heilskapleg, tverrfagleg oppfølging av innbyggjarar med komplekse og samansette behov.
- Er gode alternativ til bustadar med døgnteneste og som førebygger behov for meir omfattande helsehjelp.
- Førebygger utfordrande og utagerande åtferd.
- Førebygger sjukehusinnlegging ved å vere målretta og fleksible.
Habilitering og rehabilitering
Målretta tiltak
Digitale løysingar
- Velferdsteknologi
- Digitale tilsyn (t.d. RoomMate)
- Tryggheitsalarm med sensorar
- Lokaliseringsteknologi (t.d. GPS)
- Elektonisk medisineringsstøtte
- Kommunikasjonsteknologi
- Smarthusteknologi, til dømes automatisk lys- og varmestyring, porttelefon/døropnar
- Kommunikasjonsplattformar
- Digital oppfølging i lag med spesialisthelsetenesta
Sist endra 22.12.2025 09.14