Folkehelsestrategi - God helse for alle

Overordna folkehelsestrategi for Ålesund kommune. Vedtatt av kommunestyret 27.05.21.

Glade barn med hendene i været på et berg - Klikk for stort bilete

Innbyggjarar med god helse er Ålesund kommune sin viktigaste ressurs. Dette er heilt grunnleggjande for at samfunnet skal kunne fungere.

Folkehelsestrategien - overordna mål og formål

Folkehelselova og forskrift om oversikt over folkehelsen, gir Ålesund kommune eit lovpålagt ansvar for å jobbe langsiktig, systematisk og kunnskapsbasert med å setje i verk tiltak for å ivareta innbyggjarane si helse. Dette gjeld for alle innbyggjarar i alle aldrar.

Folkehelsa vert påverka av mange ulike faktorar; inntekt og materielle ressursar, ytre miljøfaktorar som luftforureining, støy, stråling, miljøgifter og klimaendringar, oppvekst tilhøve med muligheit for leik, meistring, læring og utdanning, infrastruktur som tilgang til trygge  gang og sykkelvegar, fysisk aktivitet og nærturområde, reint vatn og trygg mat utan miljøgifter, sosial inkludering, ernæring, søvn, seksualitet, psykiske belastningar, bruk av rusmiddel, skader og ulykker.

Folkehelsestrategien handlar om korleis vi i Ålesund kommune skal arbeide for å:

  • fremme befolkninga si helse
  • førebygge og beskytte mot sjukdom, skader og helsetruslar
  • motverke sosial ulikskap i helse

Systematikk i arbeidet

Godt folkehelsearbeid gir stor effekt ved målretta systematisk og langsiktig innsats. Dette må skje på tvers av sektorar og forvaltningsnivå og gjennom strukturelle og befolkningsretta tiltak. Ei stor kommune krev god systematikk i arbeidet for å jobbe effektivt med folkehelseutfordringar.

  • Samarbeid: Det er heilt nødvendig at vi som samfunn står saman om å løyse samansette helseutfordringar som enkeltindivid ikkje kan klare å løyse åleine. For å få til dette må det etablerast gode arenaer for samarbeid. Samarbeidsarenaene må sike at sentrale aktørar blir involvert og får høve til å samarbeide og medverke på best mulig måte, utan unødige byråkratiske hinder. Fagkompetansen som fins i kommunen må nyttast best mulig i arbeidet med å fremme god folkehelse. Det er også viktig å avklare roller og ansvarsområde i folkehelsearbeidet. Medverknad er eit grunnleggjande prinsipp i alt folkehelsearbeid. Medverknad frå dei som tiltaka gjeld, er heilt nødvendig for å få til treffsikre tiltak.
  • Frivillig innsats: Samskaping er viktig i folkehelsearbeidet. Både innbyggjarar, frivillige lag/organisasjonar og næringsliv gjer allereie mykje bra for folkehelsa. Dei har gode initiativ og vil bidra med både tid, kunnskap og økonomi. Det må etablerast rutiner som sikrar god samskaping mellom kommunen, frivillige aktørar og næringslivet.
  • Folkehelseperspektivet og helsekonsekvensar skal vere element som blir vurdert i alle planer og tiltak i kommunen. Folkehelsestrategien skal være sentral i bypakken og PAKT (plan for areal, klima og transport) og i all anna kommunal planlegging, inkludert areal og områdeplanlegging.
  • Handlingsprogram: Tiltak for å fremje og betre folkehelsa skal gjennom handlingsprogrammet til folkehelsestrategien tydeleggjerast og fremjast inn mot kommunen sitt årlege budsjettarbeid. 

Mål

Måla for folkehelsestrategien er:

  • Å sikre at vi rettar fokus og ressursar inn mot dei tilhøva som påverkar helsa vår mest
  • Synleggjere og ta i bruk ulike verkemiddel som kan nyttast for å nå overordna målsetting
  • Ha ein målretta ressursbruk- ikkje tilfeldige  «pop-up» tiltak
  • At alle «dreg i same retning»
  • Systematisk tilnærming til arbeidet
  • Danne grunnlag for å kunne evaluere tiltak som er iverksatt for å betre folkehelsa

Sjå folkehelsestragegien