Eigarskapsmelding

I eigarskapsmelding klargjer Ålesund kommune sine strategiar for selskap vi har eigarinteresse i.  

Foto av Ålesund frå lufta. - Klikk for stort bilete Harald M. Valderhaug

Tittel: Eierskapsmelding 2025 - 2028. Sammen om samfunnsoppdraget

Behandling: Vedtatt av kommunestyret 26.03.2026

Eigarskapsmeldinga 2025–2028 gir ei samla oversikt over Ålesund kommune sitt eigarskap i selskap, føretak og interkommunale samarbeid. Meldinga skildrar formålet med eigarskapen, kva mål kommunen har som eigar, og kva prinsipp som ligg til grunn for god eigarstyring. Ho klargjer også roller, ansvar og forventningar i eigarskapsutøvinga. Målet er å sikre openheit, føreseielegheit og god forvaltning av kommunen sine eigarinteresser, slik at selskapa bidreg best mogleg til å løyse kommunen sitt samfunnsoppdrag.

KS sine tilrådingar om eigarstyring, selskapsleiing og kontroll ligg til grunn for utarbeidinga av meldinga, og meldinga stettar krava i kommunelova sin §26.

Det er oppretta eit fast politisk eigarskapsutval som skal bidra til god eigaroppfølging.

Ålesund kommune si eigarskapsmelding skal : 

  1. Tydeleggjere korleis Ålesund kommune vil utøve ein overordna eigarskapspolitikk. Den overordna eigarskapspolitikken har mål om å danne grunnlag for klare retningsliner til føretaka og forenkle samarbeidet der ein har fleire eigarar. Overordna forventningar, mål og prinsipp gjeld uavhengig av føretaksform og kva for målsettingar kommunen(- ane) har med føretaket. Eigarstyringa skjer av dei folkevalde samla og ikkje av enkeltpolitikarar.
  2. Gje ei samla oversikt over alle kommunen sine eigarposisjonar. Eit utval av føretaka vil og ha ei nærmare omtale med omtale av føremål og målsettingar. Dette skal danne grunnlaget for ein god styringsdialog, ved å gi føretaka signal om kva for strategiar og forventningar eigar har. 
  3. Vise aktørbildet og roller, samt korleis eigar vil utøve eigarskapsoppfølging gjennom klargjering av roller og aktivitetar i eit årshjul. 
     

Sjå eigerskapsmeldinga 2025 - 2028