I arbeidet med ny arealdel må vi forhalde oss til ei rekke retningslinjer og strategiar frå staten og fylkeskommunen, saman med kommunen sine eigen overordna planar, strategiar og politiske vedtak. Dette står det meir om i planprogrammet kapittel 4. Ein regional plan legg vi særskilt vekt på som kunnskapsgrunnlag - plan for areal, klima og transport - PAKT.
Regional plan for areal, klima og transport - PAKT
Ålesundsregionen med kommunane Giske, Ålesund, Sula og Haram er den største byregionen i Møre og Romsdal. Kommunane fekk, i samarbeid med Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune, utarbeidd PAKT. Planen omtalar arealbruk og transport i regionen, i eit klimaperspektiv og med FN sine berekraftsmål som fundament. Ålesund Kommunestyre vedtok planen i 2022.
I PAKT er det lista ei rekke strategiar for utvikling av regionen og Ålesund kommune. Ein del av desse er arealstrategiar og skal innarbeidast i ny arealplan. Planen inneheld også strategiar som er viktige for arbeidet innanfor andre fagfelt og prosessar i kommunen. Til dømes ved utvikling av eigedomsstrategiar og lokalisering av offentlege tenestetilbod, utvikling av kollektivtilbod og parkeringspolitikk, og ved revisjon av hovudplan for vatn og avløp. Planen er ikkje juridisk bindande. For å sikre gjennomføring av strategiane i PAKT, må desse konkretiserast og utdjupast gjennom kommuneplanen sin arealdel.
Med bakgrunn i utfordringsbildet, PAKT og andre føringar og retningslinjer, har vi definert følgjande fokusområde for arbeidet :
- Senterstruktur og bustadutvikling
- Transport og mobilitet
- Næring og energi
- Natur- og grøntareal (inkludert landbruk/jordvern)
- Sjøareal og havbruk
- Risiko, sårbarheit og klimatilpassing
Klima og folkehelse vil vere eit gjennomgripande fokus i heile planprosessen. Vi må leggje til rette for utvikling av eit meir aldersvennleg samfunn og sørgje for at vi forvaltar areala våre på ein måte som fremjar helse, tryggleik og stabilitet no og i framtida.
Les meir om PAKT