Det er eit grunnleggjande demokratisk prinsipp at den som blir ramma av eit offentleg vedtak, skal ha høvet til å uttala seg før det blir gjort eit vedtak. Høyring er prosessen der kommunen, eller ein annan offentleg instans, ber om å få ein skriftleg uttale til ei konkret sak eller plan, før det blir gjort eit vedtak.
Ein viktig del av arbeidet med planar er å få innspel frå innbyggarane. Du kan komme med innspel i to rundar i planarbeidet:
- når planarbeidet startar (ved varsel om oppstart)
- når forslaget er utarbeidd (ved offentleg ettersyn)
Kven kan gje innspel?
I ei lovpålagd høyring blir det opplyst om kven som er formelle høyringsinstansar og partar.
Når ei høyringa ikkje er lovpålagd er det i utgangspunktet ope for alle å gi innspel. Partar som er spesielt ramma partar kan bli oppmoda til å delta.
Korleis gje innspel?
Alle innspel blir sendt inn digitalt. Det er er enklast både for deg og for oss. Inne i kvar høyringssak ligg det ei lenke til eit skjema. Klikk på denne, skriv inn kva du meiner og trykk Send. Sidan du er innlogga veit vi alt vi treng om deg, og sender innspelet ditt til rett person.
Kva skjer etter at høyringa er ferdig?
Når høyringfristen er gått ut vurderer kommunedirektøren alle innspela som er komne inn. Når saka blir lagt fram for politisk behandling alle innspill ligge ved saksdokumenta. innspela er vurdert og om nokon av innspela har ført til endring av saka som har vore lagt fram.
Her kan du sjå kva saker som er på høyring akkurat no