Beredskapsarbeid i kommunen

Kommunen har eit generelt og grunnleggande ansvar for å ivareta befolkninga si sikkerheit og tryggheit innanfor sine geografiske område.

Vi arbeider kvar dag for å førebyggje uønskte hendingar og vere førebudde dersom ei krise oppstår.

Heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS-analyse) – kva kan skje, og korleis førebur vi oss?

For å førebyggje kriser og vere godt førebudde, må vi vite kva hendingar som kan ramme kommunen. Derfor lagar vi ein heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS). Analysen viser kva som kan skje, kor alvorleg det kan bli og kva vi må vere førebudde på.

Det kan vere ekstremvêr, bortfall av straum eller vatn, alvorlege ulukker eller andre kriser. Slik kan vi førebyggje risiko og planleggje korleis vi skal handtere hendingane dersom dei oppstår.

Sjå oversikt over hendingar frå den heilskapelege ROS-analysen. (PDF, 90 kB)

Vi arbeider systematisk  for ein trygg kommune gjennom alle tenestene vår. Arbeidet omfattar mellom anna  helsetenester, skolar, fritidstilbod, vedlikehald av bymiljø og klimatilpassing. Slik reduserer vi risikoen for uønskte hendingar og konsekvensane dersom dei skjer.

Kommunale verksemder med ansvar for samfunnskritiske tenester som vassforsyninga og IKT overvakar drifta kontinuerleg. Dersom det oppstår ei uønskt hending, set dei raskt i verk tiltak for å sikre tenestene og avgrense konsekvensane.

Samarbeid og beredskap

God beredskap krev samarbeid mellom kommunar, nødetatar, frivillige organisasjonar og innbyggjarar. Erfaringar frå større hendingar gir viktig læring og bidreg til å styrkje beredskapen.

Etter brannen på Sukkertoppen har Ålesund, Giske, Sula, Haram og Fjord kommune utvikla eit felles planverk for evakuerte- og pårørandesenter (EPS). Planverket gjer det enklare å støtte kvarandre med personell, lokale og utstyr ved større hendingar, og sikrar ei felles forståing av roller og ansvar.

I Totalforsvarsåret 2026 er samarbeid og beredskap eit særleg satsingsområde. Målet er å styrkje samfunnet si evne til å handtere både lokale kriser og meir alvorlege hendingar. Å øve og samarbeide på tvers av sektorar er ein viktig del av dette.

Stor beredskapsøving 12. oktober

Ålesund kommune gjennomfører ei stor øving for evakuerte- og pårørandesenter (EPS) 12. oktober. Vi søkjer frivillige deltakarar i alle aldrar.

Les meir og meld deg på i nyheitssaka.

Slik er det kommunale beredskapsarbeidet organisert

Ålesund kommune og politiet

I ei krise bistår vi Møre og Romsdal politidistrikt med ressursar for å redde liv og hindre skade.

Relevante lover og forskrifter

Kommunen sitt beredskapsarbeid er regulert av nasjonale lover og forskrifter, mellom anna: