Da det brant på Sukkertoppen var det fleire pressekonferansar på EPS-senteret.Tid og stad
- Dato: 12. oktober
- Tid: Kl. 16.00–21.00
- Stad: Ålesund sentrum
Kva går øvinga ut på?
Ålesund kommune skal øve på å handtere ei realistisk evakueringssituasjon der mange menneske treng hjelp, informasjon og tryggleik på kort tid.
Eit evakuerte- og pårørandesenter (EPS) er ein stad der evakuerte og pårørande kan få:
- registrering og informasjon
- mat og praktisk hjelp
- psykososial støtte
- hjelp til å melde inn sakna personar og finne att pårørande
For å få ei mest mogleg realistisk øving, treng vi frivillige deltakarar.
Kven kan delta?
Vi ønskjer eit variert utval av deltakarar:
- unge, vaksne og eldre
- enkeltpersonar, familiar og venegjengar
- lag og organisasjonar
- personar med ulike behov og livssituasjonar
Jo større mangfald vi får, desto betre blir øvinga.
Praktisk informasjon
- Du må kunne delta hele tidsrommet
- Det blir servert enkel mat og drikke
- Øvinga er trygg og godt organisert
- Det vil ikkje oppstå farlege situasjonar eller reelle skadar.
- Deltakinga er ulønt.
Meld deg på
Meld deg på øvinga her
Kvifor er øvinga viktig?
Brannen på Sukkertoppen 17. mars viste kor raskt ein situasjon kan utvikle seg, og kor viktig det er å kunne ta vare på evakuerte og pårørande.
Å handtere slike hendingar krev godt samarbeid mellom kommunar, nødetatar og frivillige. Derfor må vi øve.
Etter brannen har Ålesund, Giske, Sula, Haram og Fjord kommune utvikla eit felles planverk for drift av evakuerte- og pårørandesenter. Planverket gjer at kommunane kan støtte kvarandre med personell, lokale og utstyr, og sikrar ei felles forståing av roller og ansvar.
Øvinga er òg ein del av Totalforsvarsåret 2026, som skal styrkje evna til å handtere både lokale kriser og større nasjonale hendingar. Gjennom å øve saman blir vi betre førebudde når noko alvorleg skjer.
Derfor er di deltaking viktig
Når du deltek:
- gjer du øvinga meir realistisk
- bidreg du til å teste og forbetre planverket
- styrkjer du den lokale og regionale beredskapen
- bidreg du til eit tryggare samfunn
Kort sagt: Du hjelper oss å vere betre førebudde neste gong ei alvorleg hending oppstår.