Etter kunngjering og varsling kan du begynne å utarbeide sjølve planforslaget, basert på føringane frå oppstartmøtet og innspel frå varslingsperioden.
Utarbeiding av planen
Det kan vere hensiktsmessig å ha eit møte med oss først for å gå gjennom innspela som kom inn under varslingsperioden. Det er viktig å holde seg til føringane som står i referatet frå oppstartsmøtet. Saman med referatet skal du også ha fått tilsendt malar og rettleiarar til utarbeidinga av planen.
Møter undervegs
Undervegs i arbeidet tilrår vi at du avtalar møter med oss der vi kan diskutere viktige tema. Dette kan vere drøfting av innspel, utforming, arealbruk og utgreiingar.
Rett før du sender inn planforslaget formelt, er det lurt med eit møte der vi går gjennom forslaget saman. Då har vi moglegheit til å kvalitetssikre planforslaget før den formelle behandlinga.
Send inn planforslaget
Det komplette planforslaget sendast i separate filer og direkte til kommunen via eDialog https://min.kommune.no/s/dexr (krev innlogging med MinID, BankID eller Buypass). Mindre dokument kan sendast på e-post til postmottak@alesund.kommune.no. Dokument skal ikkje sendast som lenker. Dokument som ikkje kan sendast via eDialog eller e-post på grunn av format eller storleik, skal overførast gjennom kommunen si filoverføringsløysing: FileSender. Dette skal gjerast i samråd med saksbehandlar.
For at dokument som blir sendt til kommunen skal vere enkle å skilje frå kvarandre, og i tråd med kommunen sine reglar for skriving og arkivering, må filene ha tydelege og beskrivande filnamn. Følgjande namnsetjing skal brukast:
- Plankart – datert xx.xx.xxxx
- Reguleringsføresegner – datert xx.xx.xxxx
- Planomtale - datert xx.xx.xxxx
- osv.
Planavdelinga ønskjer ein god og konstruktiv dialog før planforslaget vert levert inn til behandling.
Relevante lenker
Kor lang tid tek saksbehandlinga?
Kva er våre gebyr?