Etter kunngjering og varsling kan du begynne å utarbeide sjølve planforslaget, basert på føringane frå oppstartmøtet og innspel frå varslingsperioden.
Utarbeiding av planen
Det kan vere hensiktsmessig å ha eit møte med oss først for å gå gjennom innspela som kom inn under varslingsperioden. Det er viktig å holde seg til føringane som står i referatet frå oppstartsmøtet. Saman med referatet skal du også ha fått tilsendt malar og rettleiarar til utarbeidinga av planen.
Møter undervegs
Undervegs i arbeidet tilrår vi at du avtalar møter med oss der vi kan diskutere viktige tema. Dette kan vere drøfting av innspel, utforming, arealbruk og utgreiingar.
Rett før du sender inn planforslaget formelt, er det lurt med eit møte der vi går gjennom forslaget saman. Då har vi moglegheit til å kvalitetssikre planforslaget før den formelle behandlinga.
Send inn planforslaget
Send inn det komplette planforslaget til postmottak@alesund.kommune.no med kopi til din saksbehandlar hos oss. Husk også å sende plankartet i SOSI-format.
- Skriv saksnummer eller namn på planen i emnefeltet på e-posten.
- Opplys i e-posten kven som er plankonsulent og forslagsstillar.
- Send alle vedlegg separat og sett inn liste over vedlegg. Gi vedlegga beskrivande namn – ikkje nummer.
Relevante lenker
Kor lang tid tek saksbehandlinga?
Kva er våre gebyr?