Føretaket sitt formål er ei forretningsmessig og kostandseffektiv eigedomsforvaltning av kommunens eigedomar og ikkje utbygde areal. Dette gjeld drift, vedlikehald, rehabilitering, utbygging, utleige og innleige, kjøp og sal.
Eigedomsføretaket representerer Ålesund kommune ved utvikling av nye byggeprosjekt gjennom prosjektleiing og byggherrefunksjon, og ved tilrettelegging av nye bustad- og industriområde.
Eigedommane på totalt 400.000 m2 består av ca. 1200 bustader, sjukeheimar, skolar, barnehagar, beredskapsbygg, administrasjonslokale, kulturbygg og idrettshallar.
Eigedomsføretaket administrerer også Husbanken sine personretta låne- og tilskotsordningar som startlån, bustadtilskot til etablering og tilpassing og bustøtte. Utleige, drift og forvaltning av kommunale bustader er også tillagt eigedomsføretaket.
Organisasjonkart for Ålesund kommunale eigedom KFKva lurer du på?
Avdelingar
Eining for drift, vedlikehald og reinhald har ansvar for følgande funksjonar:
- Forvaltning av kommunal bygningsmasse
- Bygningsregister og FDV-system
- Kostnadsberekning, budsjettering og prioritering av løpande FDV-oppgåver
- Drift, vedlikehald og rehabilitering av bygningar
- Drift, vedlikehald og rehabilitering av tekniske installasjonar
- ENØK og inneklimaarbeid
- Oppfølging av myndigheitskrav/pålegg
- Handtering av mottatte nabovarsel
- Driftsmessig forvaltning av ubebygde areal
- Utarbeiding av reinhaldsplanar
- Bestilling og oppfølging av levert innhald
- Rådgiving ved prosjektering
Eining for prosjekt har ansvar for følgande funksjonar:
- Prosjektutvikling
- Prosjektleiing
- Byggherrefunksjon
- Rådgiving
- Prosjektering
- Kjøp/Sal av eigedom
- Inn/Utleige av næringsareal
- Feste/bortfeste av tomter
- Innkjøp og oppfølging av entreprenørar i ulike kontraktsformer
- Engasjement og oppfølging av eksterne arkitektar og konsulentar
- Utvikling av eksisterande bygningsmasse
- Tilrettelegge utvikling av kommunale bustad- og industriområde
- Sal av byggeklare bustad- og industriareal
- Planmessig forvaltning av ubebygde areal
- Tomteregister (ubebygde areal)
Avdeling Utleige og stønad kan gi hjelp til vanskelegstilte på bustadmarknaden. Det vert gitt tilbod gjennom ulike teneste som finansiering til kjøp av eigen bustad, økonomisk stønad til buutgifter (bustøtte) og tildeling av kommunal utleigebustad.
Utleige av kommunale bustader, saksbehandling av søknader om startlån og bustadtilskot til etablering og tilpassing, og formidling av søknader på Husbanken si bustøtteordning, er tillagt avdelinga. I tillegg har avdelinga to buarrettleiarar og ein tilsynsmann/vaktmester.
Avdelinga har også ansvar for innleige av private lokale for kommunale verksemder, og står for kjøp av bustader for utleige og tilvisingsavtalar.
Ålesund kommune eig og forvaltar til saman over 1100 bustadar. Om lag 800 av desse er kommunale utleigebustadar inklusiv leilegheiter i burettslag og sameige mv, medan i overkant av 300 er bustadar med bemanning. Dette inkludera òg bustadar i sjukeheimar og omsorgssenter. Ålesund kommunale eigedom KF (ÅKE) har ansvaret for utleige og teknisk forvaltning av desse bustadane.
Kontakt
- Besøksadressa er: Korsegata 4B, 6002 Ålesund (2. etasje).
- Telefon sentralbord: 70 16 20 00
- Leiing:
Sjå kontaktinformasjon for tilsette i ÅKE