Det er viktig å lufte ofte. Fuktig luft er vanskelegare å varme opp enn tørr luft. Sjølv om det blir kaldare rett etter at du har lufta bustaden, vil det gå raskt å varme opp lufta igjen. Lufta blir fuktig av til dømes dusjing og matlaging. Det bør då luftast. Hald ventilar opne og luft i tillegg ved å halde vindauga opne i kort eller lengre tid.
20-22 gradar er reikna som god innetemperatur. Er det kaldare enn det i bustaden bør du sjekke varmekjeldene. Sjekk om brytar og kontakter er på og om termostaten er stilt inn korrekt. Radiatorar regulerar seg etter utetemperatur. Er det kaldt ute skal radiatoren vere lunken/varm. Kontakt ÅKE om du treng hjelp.
Har du gamalt vindauge kan det vere gummilista inni karmen som er slitt. Denne kan du bytte sjølv, eller kontakte ÅKE for å få hjelp med det.
Ventilasjon er viktig for å ha eit godt innemiljø. Dette kan du gjere for å betre innelufta:
- Alle ventilasjonsluker bør vere opne heile året. Du finn desse øvst på vindauga og/eller på veggen.
- Opn opp vindauge/balkongdør og luft nokre minutt kvar dag.
- Tørk opp vatn for å unngå fukt.
- Skru på kjøkkenvifta når du lagar mat.
- Hald bustaden rein og ryddig.
- Ikkje sett møblar, særleg seng og sofa, mot yttervegg. Det kan gi gode vekstforhold for mugg og sopp. La det vere minst 10 centimeter avstand til vegg.