Nabovarsling

Dersom byggeprosjektet ditt krev søknad eller dispensasjon, må du sende eit nabovarsel der du fortel naboane om planane dine.

Slik går du fram 

Privatpersonar kan sjølv lage nabolister for eigedommar dei sjølv eig. Dette kan du gjere ved å logge deg på ein av kommunen sine kartportalar Isy Map eller Isy Map Server ved bruk av Elektronisk ID.  NB! Pr 5.juni 2024 er det utfordringar med å laga nabolister sjølv via kartløysinga ISY Map.  Bruk derfor ISY Map Server eller du kan ta kontakt med kommunen, så hjelper vi deg.
Slik lager du naboliste i Isy Map (PDF, 3 MB)
Slik lager du naboliste i Isy Map Server (PDF, 438 kB)

Naboliste kan òg bestillast via Ambita, Norkart eller Proconet
Alle som står på denne lista må varslast. Står kommunen oppført på lista må dei også varslast. Dersom du skal rive noko må også alle kreditorar og andre som har pant i eigedommen varslast.   

Gå til DiBK for rettleiing og skjema for nabovarsling

Firma

Firma må bestille nabolister frå Ambita, Norkart eller Proconet.
Eventuelle spørsmål rundt bestilling, kjøp og leveranse må stillast til leverandørane.
 

Treng du hjelp, ta kontakt med Innbyggartorget.

Ansvarleg for tenesta