KartutskriftI søknader om deling av eigedom skal kart med eksisterande og ønska grense leggjast ved, medan byggesøknader skal innehalde situasjonsplan med tiltaket.I kommunens kartportal kan du sjølv lage kartutskrifter som f.eks. situasjonskart og plankart. I brukarrettleiinga kan du sjå korleis en gjer dette.Digitale kartutskrifter i pdf-format kan også bestillast via leverandøraneAmbita, Norkart eller Proconet. Hos desse leverandørane finn du situasjonskart, matrikkelkart, plankart og ledningskart.Eventuelle spørsmål rundt bestilling, kjøp og leveranse må stillast til leverandørane.Sjå pris for eigedomsinformasjon Ansvarleg for tenestaPlan og bygning Sist endra 18.12.2025 13.00