Søk om avkøyrsel

Med avkjøyrsel meinast kvar og ein forbindelse mellom byggetomta og offentlig veg. Dette gjeld og der privat veg møter offentleg veg.

Kva er søknadspliktig?

Både etablering av ny avkøyrsel samt endring/flytting av eksisterande avkøyrsel er søknadspliktig etter veglova § 40. Om du skal etablere ein eller fleire nye bueiningar som skal bruke ein eksisterande avkøyrsel, så er også dette søknadspliktig.

Ver oppmerksam på at avkjørselen ofte er søknadspliktig også etter plan- og bygningsloven:

  • Om gjeldande reguleringsplan viser ein annleis avkøyrsel enn det du søker om no, må det søkast om dispensasjon frå planen. Søknad skal sendast til byggesaksavdelinga.
  • Skal du også søke om andre tiltak (f. eks. bygg, terrenginngrep, frådeling av eigedom mv.), søker du om avkøyrsel saman med byggesøknaden for dei andre tiltaka.

Om det ikkje finnast ein reguleringsplan for området eller reguleringsplanen ikkje omfatter avkøyrsel, og du heller ikkje skal gjere andre søknadspliktige tiltak, treng du berre å søke om avkjørselstillatelse frå vegmyndigheten.

Slik søker du

Før du søkjer, bør du sjekke kva haldningsklasse vegen din har. Det kan du finne ut på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune om avkøyrsler.

Du søker om avkøyrsel på nettsida til statens vegvesen, der finn du også informasjon om krav til søknaden og nabovarsling med vidare.

Kven behandlar søknaden din?

Søknaden sendes automatisk til behandling hos den som er vegeier for den offentlige vegen:

  • Kommunal veg: Kommunen ved Miljø og samferdsel.
  • Fylkesvei: Fylkeskommunen.
  • Riksvei: Statens Vegvesen.

Gebyr

  • Behandling etter veglova § 40 er gratis
  • Behandling av søknad om dispensasjon frå reguleringsplan, andre byggetiltak samt frådeling av eigendom er gebyrbelagt.

Sjå gebyra for byggesak her.

Gjennomføring/etablering av avkjørsel etter godkjent søknad

Korleis avkøyrselen skal utføres konkret er beskrevet i veg- og gatenorm for gamle Ålesund kommune. Ny vegnorm for heile den nye kommunen kjem snart.