For å sikre godt grunnlag for fullstendige kart og framtidige situasjonsplanar treng kommunen oversikt over alle bygningar.
Ferdigattest for tiltak med søknadsplikt
Tiltak som er søkt om skal avsluttast med ferdigattest. Ferdigattest markerer den formelle avslutninga av byggjesaka og skal vise at arbeidet er utført i tråd med løyvet og regelverket.
Slik sender du søknad om ferdigattest
- Fagfolk kan søke ferdigattest som ein del av digital byggesøknad
- Privatpersonar kan bruke skjema for søknad om ferdigattest frå Dibk. Du kan sende den på e-post til postmottak@alesund.kommune.no eller i posten til Ålesund kommune, Postboks 1521, 6025 Ålesund eller levere den hos eit av våre innbyggartorg.
Mellombels bruksløyve
Viss det står att mindre vesentleg arbeid kan du søkje om mellombels bruksløyve. Eit nytt bygg kan ikkje takast i bruk før det er gitt mellombels bruksløyve.
Skjema for søknad om mellombels bruksløyve
Ferdigattest for tiltak utan søknadsplikt
Dersom du skal ferdigmelde eit tiltak som er unntatt søknadsplikt skal du melde dette sjølv ved innsending av “Melding om bygning eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt” og situasjonsplan der tiltaket er innteikna til postmottak@alesund.kommune.no.
Finn ferdigattesten
Dersom byggverket har fått ferdigattest, kan du finne den i Saksinnsyn.
Behandlingstid
Saksbehandlingstida ved søknad om ferdigattest er 3 uker.