Etter at du har fylt ut skjemaet "Opplysninger om mogleg ulovleg tiltak etter plan- og bygningslova" og skjemaet er registrert hos oss, vil det bli oppretta ei ny sak på meldinga di. Vi vil innan 4 veker sende eit brev til eigar der vi informerer om at vi har fått ei bekymringsmelding, og vi vil samtidig sende deg eit foreløpig svar etter forvaltningsloven § 11a).
Deretter blir saka prioritert ut frå grad av alvor og fordelt til ein saksbehandler for vidare oppfølging når vi har kapasitet til dette. Grad av ulovlegheit på tiltaket, fare for helse, miljø og sikkerheit, samt saksmengde vil ha betydning for kor raskt vi kan behandle saka.
Når saksbehandlinga startar, vil du få kopi av brev som blir utsendt dersom du har oppgitt kontaktinformasjonen din. Du får ikkje kopi av brev som blir sendt i saka dersom du har bedt om å få vere anonym. Du kan då sjekke saka på saksinnsyn.
Kva blir ikkje følgt opp?
For at bygningsmyndigheitene skal følge opp ulovligheita, må tiltaket komme inn under plan- og bygningslova sine bestemmingar. Dette blir vurdert av bygningsmyndigheitene.
Tiltak som er unntatt søknadsplikt vil ikkje bli følgt opp av bygningsmyndigheitene.