Betalingsplikt
Betalingsregulativ for bygge- og delesaksbehandling blir vedtatt av kommunestyret. Sjå heile forskrift om betalingsregulativ for private planer, bygge- og delesakshandsaming, oppmåling og eigarseksjonering
For alle søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslova skal det betalast gebyr etter satsane som kjem fram nedanfor, med mindre anna kjem fram av regulativet.
- Satsane er knytt til bruksarealet til bygningen i samhøve med NS-3940 så langt som dette passar.
- Gebyr vert kravd for kvart enkelt tiltak sjølv om det vert fremma søknad for fleire tiltak i same område.
- Gebyra gjeld fullt ut for tiltak som vert godkjent mellombels for 2 år eller meir.
Minstegebyr
Gebyra er basert på eit minstegebyr (M) eller spesifikke satsar. Det vert ikkje gjeve gebyr under satsen på 1 M.
- Minstegebyret (M): kr 4 375,-
- Midlertidig godkjenning under 2 år beregnes et minstegebyr på 2 M: kr 8 750,-
Avslag på søknad og fristoverskriding
Ved avslag på søknader vert gebyret redusert til 60 % av ordinært gebyr.
Dersom frist for sakshandsaming etter plan- og bygningslova § 21-7 overskridast, skal kommunen redusere gebyra i samsvar med denne avgjerda. Behandlingsfristen tar til når fullstendig søknad er motteke i kommunen.
Førehandskonferanse
For nærare avklaring av rammer og innhald i tiltaket kan det haldast førehandskonferanse mellom tiltakshavar, kommunen og andre rørte fagmyndigheiter.
Gebyr førehandskonferanse: kr 4 375,- per møte
Gebyr for mangelfulle søknader
Dersom innsendt søknad er mangelfull og kommunen må etterspørje ansvarleg søkar om tilleggsopplysningar eller dokumentasjon før behandling, eller søknad vert returnert på grunn av manglar, vert det gitt gebyr for kvart enkelt mangelbrev.
Gebyr per mangelbrev: kr 2 500,-
Gebyr for tiltak berekna etter bruksareal
For behandling av søknad etter pbl. § 20-1, som kan målast etter bruksareal gjeld følgande satsar pr m² bruksareal:
Ved tiltak som rehabilitering og bruksendring, eller ved ombygging som ikkje er hovudombygging, blir gebyret avgrensa til berørte areal etter tabell angitt ovanfor.
For behandling av søknad etter pbl. § 20-4, som kan målast etter bruksareal gjeld følgande satsar:
Gebyr for tiltak der bruksareal ikkje kan nyttast
For behandling av tiltak etter plan- og bygningslova § 20-1 som ikkje er målbare i bruksareal, vert det berekna gebyr etter storleiken og kompleksiteten i saka. Storleiken på sak/gebyr vert vurdert ut ifrå sjølvkostprinsippet.
Føresegna omfattar fasadeendringar, skilt og reklameinnretningar, tekniske installasjonar, rehabilitering av pipe, løfteinnretningar, støttemurar, støyskjerming, terrengarbeid, tekniske anlegg, konstruksjonar og anlegg m.m. Nemnde tiltak er likevel inkludert i det ordinære gebyret viss dei vert søkt saman med anna tiltak.
Igangsettingsløyve
For to-trinns behandling (ramme- og igangsettingsløyve) vert gebyr berekna på same måte som for eitt-trinns behandling. Det vert krevd gebyr for behandling av igangsettingsløyve frå første løyvet.
Igangsettingsløyve (IG) frå første IG 1M: kr 4 375,-
Godkjenning av sjølvbyggar
For behandling av tiltak der sjølvbyggar godkjennast etter SAK § 6-8 eller godkjenning av føretak som ikkje oppfyller kvalifikasjonskrava i SAK § 11-4.
Godkjenning av sjølvbyggaransvar – 1M: kr 4 375,-
Godkjenning av ansvarsrett – 1M: kr 4 375,-
Dispensasjonssøknad, fråvik frå byggteknisk forskrift (TEK)
Krev ein søknad dispensasjon frå gjeldande planar, lover, eller føresegner reknast det ut eit tilleggsgebyr for kvart forhold det blir søkt om dispensasjon frå. I frådelingssaker der det vert krevd søknad om dispensasjon er satsane gitt under pkt.7. Frådelingssaker.
Riving av bygg
For riving av bygg vert det krevd gebyr.
Frådelingssaker
Det blir utrekna saksbehandlingsgebyr ved oppretting og endring av eigedom etter pbl § 26-1.
Arbeid som ikkje kjem til utføring og fornying av søknad, og fornying av midlertidig brukstillatelse
Ved ny behandling av tidlegare godkjent byggesøknad utan endringar (innan 5 år) for tiltaket blir det betalt 50% av gjeldende gebyr.
Der det er gitt avslag, og ny søknad er mottatt innan 6 månader etter avslagsdato blir dette betalt 70% av gjeldande gebyr.
Midlertidig brukstillatelse etter pbl.§ 21-10 er gyldig til datoen som framkjem i vedtaket.
Fornying av frist for midlertidig brukstillatelse etter pbl.§ 21-10 - 1M: kr 4 375,-
Søknad om endring
Endring som krev nytt vedtak utløyser eit gebyr på 1 M. Eventuell dispensasjon/fråvik frå byggteknisk forskrift utløyser gebyr i tillegg, jf. § 3-10.
Tilbaketrekking av søknad
Søknad som vert trekt etter utført mottakkontroll: 1 M
Søknad som vert trekt etter utført vedtak: 100 % av ordinært gebyr.
Tilsyn
Tilsyn er eit viktig verkemiddel for å kontrollere at tiltak vert gjennomført i samsvar med føresegner gjeve i eller med heimel i plan- og bygningslova. Tilsyn skal bidra til betre gjennomføring av byggjeprosessar, avdekke lovbrot og verke førebyggjande.
10 % av sakshandsamingsgebyret skal dekke kommunen si tilsynsverksemd.
Timepris
For dei tenestene som ikkje er omtalt i regulativet, men som krev behandling etter plan- og bygningslova, gjeld eit gebyr etter medgått tid. Timesatsen dekker mellom anna saksarbeid, støttefunksjonar og administrasjon. I følge vedtatt regulativ er timeprisen kr 1.205,- for tenester som ikkje fell inn under regulativføresegnene.