Før du kan grave
Finn ut om det er mistanke om forureining i grunnen på eigedommen der det skal gravast. Erfaringsmessig kan det vere grunn til å tru at ein eigedom kan ha forureina grunn viss han tidlegare har vore nytta til:
- industriverksemd, mekanisk verkstad eller skipsverft,
- bensinstasjon, bilverkstad eller tankanlegg,
- galvaniseringsverkstad eller impregneringsverkstad,
- gartneriverksemd
- avfallshandtering eller deponiverksemd
Heile bybrannområdet i Ålesund blir sett på som mogleg forureina.
I tillegg vil gammal byggegrunn der det er gjennomført rivingsarbeid eller rehabilitering av bygningar i perioden 1950 – 1980 erfaringsmessig kunne vere forureina.
Nokre eigedommar er òg registrerte i Miljødirektoratets grunnforurensningsdatabase.
Undersøking
Ved mistanke om forureining skal grunnen undersøkast i samsvar med NS-ISO 10381-5 og tilhøyrande rettleiarar.
I tilfelle der grunnundersøking viser at gjeldande normverdiar ikkje er overskridne, slik at kravet om tiltaksplan ikkje blir utløyst, skal resultata frå undersøkinga vedleggast eventuell søknad etter plan- og bygningslova.
Tiltaksplan
Er det forureiningar i grunnen skal det utarbeidast ein tiltaksplan. Kommunen krev at tiltaksplanen skal utarbeidast av føretak med særlig fagleg kompetanse. Krav til innhald i tiltaksplanen er definert i forureiningsforskrifta. Tiltaksplanen skal sikre:
- ønska miljøkvalitet,
- at anleggsarbeidet ikkje fører til forureining
- forureina massar disponerast forsvarleg
Tiltaksplanen skal godkjennast av forureiningsstyresmakta til kommunen før terrenginngrep blir igangsett. Føretaket som utarbeider planen må registrere lokaliteten i grunnforureiningsdatabasen før tiltaksplanen kan godkjennast.
Etter graving
Sluttrapport
Etter endt tiltak skal det utarbeidast ein sluttrapport med dokumentasjon av gjennomføringa. Sluttrapporten skal blant anna innehalde:
- ei utgreiing for gravearbeida som er utført
- kvitteringar som viser at overskotsmassane er levert til eit godkjent deponi for forureina massar
Sluttrapporten bør utarbeidast av same føretak som har laga tiltaksplanen, og lokaliteten må oppdaterast i grunnforureiningsdatabasen. Sluttrapport for forureina grunn blir behandla uavhengig av ein eventuell søknad om ferdigattest.
Sluttrapporten skal sendast til kommunen seinast 3 månader etter terrenginngrepa er avslutta.
Dokument kan sendast inn til oss på e-post postmottak@alesund.kommune.no eller i posten til Ålesund kommune, postboks 1521, 6025 Ålesund.
Relevante lenker