Viktig informasjon om korona

Ålesund kommune følger nasjonale råd og reglar. Vi anbefaler samtidig til bruk av munnbind klarer du ikkje halde meteren og maks 10 i eigen heim. Vi har samla alt du treng å vite om koronasituasjonen i kommunen vår. På samlesida finn du oppdaterte smittetal, korleis du bestiller koronatest og påmelding til vaksinering.

Alt om korona | Information about corona in other languages

Helseopplysningar

Helseopplysningar

Kommunen behandlar personopplysingar og helseopplysingar knytt til lovpålagde tenester.

Verksemdsleiarane har det daglege ansvaret for behandling av personopplysingar i samband med helsetenester til kommunen sine innbyggjarar. Dei einingane innan helse, pleie, omsorg og sosial som behandlar personopplysningar er legekontor, legevakt og ØHD, omsorgssentra, heimebaserte tenester, bemanna omsorgsbustadar, dagtilbod for ulike grupper for personar med funksjonshemming, førebyggjande helseteneste, NAV Ålesund, rus- og psykisk helseteneste, helsestasjon, og fysio- og ergoterapitenesta folkehelse.

Alle personopplysningar blir behandla i sikker sone på eigne, skjerma serverar. Kommunen har rutinar for opplæring, tilgangsstyring og kontrolltiltak for kvart fagsystem. Systema er tilgangsstyrte.

Opplysingane blir lagra for no- og ettertid etter helseregister- og arkivlova. Kommunen har databehandleravtalar med leverandørane.

Elektronisk utveksling av helseopplysingar skjer via Norsk Helsenett mellom fastlege, sjukehus og kommunen for å sikre tryggleik, effektivitet og sporing for innbyggjarar som treng helsehjelp.

Til toppen