E-post til kommunen

Kommunen er forplikta til å behandle alle dokument, inkludert e-post, i samsvar med føresegner i Offentleglova.

Det betyr at alle kommunale saksdokument, inkludert all korrespondanse til og frå kommunen, som hovudregel er offentlege. Den som ønsker det, kan be om innsyn i kommunens saksdokument etter offentleglova. Sjå også rettleiar til offentleglova.

Send derfor ikkje brev eller e-post til kommunen med informasjon som du ikkje ønsker skal bli allment kjent.

Dersom dokumentet inneheld opplysningar som det er teieplikt for, vil desse bli strokne før det blir gitt innsyn i dokumentet. Opplysningar om nokon sin helsetilstand, og opplysningar om at nokon er eller har vore pasient/klient, er det alltid teieplikt for. Elles bør ikkje dokument som inneheld slike opplysningar sendast som e-post. 

Ved å bruke eDialog kjem dokumenta dine raskt fram til oss på ein enkel og trygg måte. 

Send sikker digital post til Ålesund kommune