Startlån og bustadtilskot
Startlån frå kommunen kan hjelpe deg som har hatt vanskar i lang tid med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.
Det fins to typar startlån:
- Ordinært startlån er for deg som treng ein god og trygg bustad, men som ikkje får bustadlån i privat bank. Du treng ikkje å ha eigenkapital for å få dette lånet.
- Startlån til førstegongsetablerarar er for deg som skal kjøpe din første bustad. Du må ha minst fem prosent eigenkapital, og du får ikkje bustadlån i privat bank.
Les meir og søk om startlån (Husbanken).
Har du spørsmål, ta kontakt på e-post: startlån@aake.no
Bustønad
Bustønad er ei behovsprøvd stønadsordning for deg som har låg inntekt og høge utgifter til bustad.
Her finn du ut om du er i målgruppa
Her kan du beregne om du kan få støtte
Husbanken og kommunen samarbeidar om bustønad-ordninga. Husbanken gjer vedtaket, men det er kommunen som registrerar søknadane og har all kontakt med deg som søkjar.
Slik søker du bustønad (Husbanken)
Har du spørsmål, ta kontakt på e-post: bostotte@aake.no
Tilskot til tilpassing av bustad
Du kan søke om tilskot for å tilpasse bustaden slik at du kan fortsette å bu i den, om du har nedsett funksjonsevne.
Tilskotet kan brukast til enkle tiltak som å fjerne tersklar for å betre tilkomsten til bustaden, men òg til større ombyggingar for å leggje til rette bustaden i høve til ei funksjonsnedsetting.
Tilpassinga må vere føremålstenleg, fungere over tid og ha samanheng med funksjonsnedsettinga.
Lese meir og søk om tilpassing av bustad (Husbanken).
Sjå også: Husbanken sin ordning tilskudd til aldersvennleg tilpassing av bustad Spørsmål om ordninga må rettast til Husbanken.
Sjå dine bustadlån frå kommuna
Har du lån i Ålesund kommune, har du tilgang til MinSide hos Intrum Låneadministrasjon.
Her kan du få:
- Oversikt over innbetalingar
- Nedbetalingsplan
- Kontoutskrift
- Årsoppgåve
- AvtaleGiro
- Utsette betaling
- Endre forfallsdato
- Kontakte Intrum låneadministrasjon
MinSide fungerar både på mobil, nettbrett og datamaskin. Du må ha BankID som autentisering for å logge på.
Du loggar inn på MinSide her: Låneadministrasjon
Her finner du artikkelen på bokmål (PDF, 43 kB)