Radaren har ei rekkevidde frå Hustad i nord til Stadt i sør, og registrerer kontinuerleg type nedbør, mengde nedbør og hastigheit.
Vêrradar - Ålesund
Nedbør
- Oppdatering: Kvart 5. minutt
- Oppløysing: 150 meter
Viser nedbørsområde og intensitet. Animasjonen indikerer vidare forløp.
Merk at det tidvis kan det forekomme refleksjonar frå terrenget som framstår som lett nedbør på samme plass over lengre tid. Dette vil bli korrigert av Metereologisk institutt.
Vêrradar - nettverk Nordvestlandet
Nedbør
- Oppdatering: Kvart 5. minutt
- Oppløysing: 250 meter
Viser nedbørsområde og intensitet. Animasjonen indikerer vidare forløp. Dette bildet er ei samanstilling av den lokale vêrradaren på Aksla i Ålesund og Meteorologisk institutt sine vêrradarar på Stadt og Rissa.
Vêrradar - nedbør siste 6 timar
Nedbør
- Oppdatering: Kvart 15. minutt
- Nedbør siste 6 timar.
Viser kor intensiv nedbør det er og grunnlag for å vurdere flomfare.
Dette bildet er ei samanstilling av den lokale vêrradaren på Aksla i Ålesund og Meteorologisk institutt sine vêrradarar på Stadt og Rissa.
Om vêrradaren
Vêrradaren er eigd og blir drifta av Furuno Norge, mens Ålesund kommune bidreg med infrastrukturen som radaren er montert i. Formålet med samarbeidet er å:
- gjere betre vêrdata tilgjengeleg for publikum.
- gje data til Meteorologisk institutt.
- nyttegjere vêrdata i kommunale tenester.
- legge til rette for bruk av vêrdata i Furuno Norge si produkt- og tenesteutvikling.
- bidra til forsking, utvikling og innovasjon i regi av akademia og forskingsinstitusjonar.
Du kan også sjå vêrkarta på nettsida til Furuno.