Faste tilskot til helse og sosialformål (lag og organisasjonar) 2025-2027

Ålesund kommune gir, innanfor ramma for den bevillinga som kvart år står til disposisjon, følgande tilskot:

Faste tilskot for perioden 2025 – 2027

Tilskota kan bli gitt for ei periode på inntil tre år om gongen. 
Tilskota skal vere med å støtte opp under aktivitetar eller innsatsar som varer over tid, og som kan gi meir føreseielege vilkår for drift.

Målet med tilskota er blant anna;

  • bidra til inkludering, gode levekår og aktiv samfunnsdeltaking for innbyggjarar i Ålesund kommune
  • auke livskvalitet og eigenmeistring hos brukarar eller pårørande
  • til helsefremjande og førebyggjande aktivitet
  • gjennomføre ulike arrangement for målgruppene innan område
  • fremje det frivillige engasjementet
  • bidra til å auke samhandlinga og samskapinga mellom lag/organisasjonar og kommunen

Ålesund kommune har fleire tilskotsordningar innanfor kultur, festivalar og idrett. Desse har andre søknadsfristar. Lag og organisasjonar som gir tilbod innanfor desse områda, blir bedne om å nytte desse ordningane.

Ålesund kommune vil og på eit seinare tidspunkt lyse ut eingongstilskot til lag og organisasjonar innan helse og velferdsområdet og i tillegg tilskot til individuelle ferietiltak til personar med nedsett funksjonsevne/utviklingshemming. Desse vil bli kunngjort på kommunen sine nettsider og i Sunnmørsposten på nyåret.

Kven kan søke faste tilskot

Lag og organisasjonar som er etablerte i kommunen og som driv aktivitetar innan helse- og velferdsområdet og gir tilbod til brukarar/ innbyggjarar som bur eller oppheld seg i Ålesund kommune.

Krav til søknaden

I søknad skal ein gjere greie for kva laget eller organisasjon søker midlar til, kva midlane skal brukast til og kva budsjett ein har for aktiviteten/tiltaket. I søknaden må ein legge ved siste godkjende årsmelding og rekneskap og budsjett for det året det vert søkt tilskot for.

Søknaden skal sendast inn ved å nytte det digitale søknadsskjemaet nedanfor. Treng ein hjelp til utfylling av søknaden, ta kontakt med næraste innbyggjartorg for bistand.

Søk om tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet 

Søk om tilskot til aktivitetar for personar med utviklingshemming

Søknadsfrist 24.november 2024.

 

Retningsliner for tildeling av tilskot til lag og organisasjonar innan helse- og velferdsområdet

 

Ansvarleg v/team helse, Randi Vartdal Knoff.

Ansvarleg for tenesta